Hopp til innhold

Kona sette foten ned for John sin gutedraum, men så snudde ho...

John Søgnen har alltid hatt ein draum om å få vere keeper på Manchester United. Men kona har sett foten ned, og det har blitt med tanken. I ettermiddag vart alt snudd opp ned for den lokale keeperkjempa.

Jon Søgnen får til helga draumen sin oppfylt - han får vere keeper for nokre av sine aller største heltar.

FÅR OPPFYLT DRAUMEN: John Søgnen kan namna på dei gamle United-legendene på rams. Til helga skal han bli betre kjent med dei på ekte.

Om du har følgt veldig, veldig godt med på lokalfotballen har du kanskje høyrt om ein keeper som heiter John Søgnen og som spelte for Førde, Saga, Dale og Gaular.

Du treng derimot ikkje vere like oppdatert for å ha høyrt om klubben han har eit nærmast religiøst forhold til – Manchester United.

Overgangen frå Gaular til United kan verke stor – men er faktisk ikkje heilt umogleg.

Let seg lokke av «jobbannonse»

Vi spolar først litt tilbake i tid. For halvanna veke sidan kom jobbannonsen som fekk mange fotballfans til å hoppe i stolen. Vil du vere keeper for Manchester United?

Eit lag beståande av fem av dei gode gamle heltane frå United kjem til helga nemleg til Veterancup i Lærdal. Men Viv Anderson, Lee Sharpe, Ray Wilkins, Frank Stapleton og Clayton Blackmore manglar ein keeper på laget.

Veterancup-general Roald Flodsand gjekk dermed ut på den mildt sagt opne spelarmarknaden. Dei einaste krava var at du måtte vere litt over snittet god i mål og vere fødd i 1973 eller tidlegare.

John Søgnen såg naturleg nok dette som sin store sjanse, men heime sette kona Aud-Irene Søgnen Sande foten ned.

– Eg synest det kan bli nok fotball

Kona har nemleg lånt ut mannen sin til fotballen så lenge ho har kjent han. Til kampar han har spelt sjølv, til kampar han skal sjå på tv, og når han skal utanlands for å sjå laget han elskar.

Berre 14 dagar etter at mannen sist var på fotballtur i England meinte ho at han kunne halde seg heime denne helga.

– Interessa hans for fotball er ekstrem. Han er veldig fan av dei laga han heiar på, det er Gaular, Sogndal og Manchester United, fortel ho.

– Eg synest det kan bli nok fotball, flirer ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anderson og Wilkins

KJEM TIL LÆRDAL: Viv Anderson og Ray Wilkins er blant United-legendene som kjem til Lærdal for å vere med på Veterancup til helga.

Foto: Tom Hevezi/Action Images / Ap/Action Images

Var den beste kandidaten

Men turneringsleiar Roald Flodsand visste fint lite om den motvillige kona. Av rundt 25 potensielle kandidatar plukka han ut nettopp John Søgnen til å vakte buret bak United-legendene.

– Den heldige er John Søgnen, fødd i 1972. Han har representert både Saga og Førde.

– Vi hadde mange sterke namn, men til slutt fall valet på han.

– Eg trur han blir sjokkert

Og til alt hell er ikkje kona til Søgnen laga av stein. Aud-Irene veit nemleg kor stort ei slik oppleving hadde vore for mannen i huset.

– Dette er noko han har hatt som ein draum. Laga frå dei tidlegare tider er betre enn dei som er no for han, og det er dei gamle stjernene som er stas for han, seier ho.

– Korleis trur du han vil reagere på dette?

– Eg trur han blir litt sjokkert.

Kan namna på rams

Tysdag fekk NRK æra av å bere fram beskjeden. Reporter Arve Uglum kjem ned trappa heime hos familien til ein uvitande målmann som sit og jobbar med sitt i kjellaren.

– Hei, eg må prate litt med deg, seier Uglum til mannen som snart skal få vite noko som kjem til å skake han inn til beinet.

Søgnen skjønner ingenting, men forstår at det kan vere kona som har pønska ut noko.

– Eg har med nokre bilete. Du kan sjå gjennom dei og sjå om du kjenner dei att, held Uglum fram.

Bileta han viser fram er av spelarane Viv Anderson, Lee Sharpe, Ray Wilkins, Frank Stapleton og Clayton Blackmore. Søgnen kan dei på rams.

– For oss som veit kven dette er, så kan vi namna, ja, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

John Søgnen

KLAR: John Søgnen fekk beskjeden han kanskje har venta på heile livet. Han skal få vakte buret for favorittlaget Manchester United.

Foto: Jon Søgnen / NRK

– Det blir ei kjempeoppleving

Før Uglum avslører kva han er kome for, vil han vite meir om Søgnen sin lidenskap for Manchester United.

– Eg er vel over snittet interessert. Det er Manchester United, kona og ungane som er det viktigaste i livet, vedgår han.

Så slepp Uglum bomba.

– Desse kjem jo til Lærdal i helga for å spele turnering, og dei treng ein ny keeper. Det skal du få lov til no.

Søgnen har litt vanskeleg for å forstå kva han blir fortalt først. Uglum må mellom anna forsikre han om at kona har gitt grønt lys før han torer gle seg over den uventa nyheita.

– Dette blir kjempemoro, det er det ikkje tvil om. Det blir ei kjempeoppleving, seier han lukkeleg.

No skal han (nesten) rett på trening

Dei gamle heltane hans har til saman spelt 232 landskampar for England, Irland og Wales. I United-drakta har dei 881 kampar bak seg. Sjølv om Søgnen har vore keeper i rundt 30 år har han aldri hatt denne typen karar på laget.

– Det er ikkje kvardags at ein får lov å spele med slike karar. Eg brukar stille store krav til dei eg spelar fotball med, så då må eg tole at dei stiller dei same krava tilbake.

– Men eg reknar med at desse har fotballforståinga i orden, flirer han.

Og når det kjem til kva han sjølv kan love om eigne prestasjonar til helga svarar han slik.

– Ein kan ikkje gjere dette til noko skummelt. Ein må prøve å vere fokusert og konsentrert slik at det blir ei kjempeoppleving.

– Men eg vil ha meg ei økt før eg reiser inn, slik at eg er godt budd, gliser han.