Hopp til innhold

Far og døtre overnatta i telt - funne etter leiteaksjon

Leiteaksjon enda godt! Ein far og hans to mindreårige døtre som var meld sakna i Jotunheimen blei funne i god form i teltet dei hadde sett opp.

Olavsbu Olavsbu

TEKE MED HIT: Faren og døtrene blei frakta til Olavsbu etter at dei blei funne av ein snøscooterpatrulje.

Foto: Eva Cecilie Simensen / DNT Oslo og Omegn

Dei blei funne av av ei snøscooterpatrulje frå Røde Kors klokka 10.38 i dag, og skal vere i god form, opplyser politiet til NRK.

– Hovudredningssentralen hadde motteke bekymringsmelding frå Olavsbu klokka 01.22 om at dei var bekymra for ein far og to mindreårige jenter som var på tur i området, opplyser operasjonsleiar Per Rimmen i politiet i Sogn og Fjordane til NRK.

Han fortel vidare at leiteaksjonen blei sett verk klokka 02.17 i natt og at den har bestått av to snøscooterpatruljer som har køyrd i området Olavsbu, Fondsbu og Gjendebu.

Han seier at det var opplyst at dei skulle bevege seg mellom Olavsbu og Fondsbu, på ei merka løype. Faren og dei to jentene var godt utrusta for ei natt i fjellet.

– Opplysningar vi har er at dei er godt utrusta. Faren skal vere fjellvand og dei hadde pulk og telt med seg, seier Rimmen.

fjell