Det har statsadvokat Kjell-Otto Lilleberg, ved Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane Statsadvokatembeter, vedteke. Han ber politidistriktet ta opp att sakene.
- Vi er glad for at statsadvokaten ser at sakene er for viktige til å bli lagt vekk som rutine, seier Per Arne Tøllefsen ved Nettverk for dyrs frihet.
Melde seks farmarar
Dyrevernorganisasjonen vitja i fjor pelsdyrfarmarar over heile landet. I alt vart 100 pelsdyrfarmarar på landsbasis melde til politiet. Seks av desse var frå Sogn og Fjordane. Ei av sakene vart i mars lagt vekk på grunn av manglande sakshandsamingskapasitet.
- Eg hugsar framleis ein av farmane. Vi fann både daude kvalpar og dyr med mykje stygge skadar, seier Tøllefsen.
- Grundig melding
Organisasjonen dokumenterte lovbrota dei meinte å finne. Bevisa vart levert inn saman med politimeldinga. Lilleberg poengterer i skrivet til politimeisteren i Sogn og Fjordane at politimeldinga er konkret både på pelsdyrfarm og lovbrot.
- Dei var grundige, men alle politimeldingane vart lagt vekk. Dette gjev oss eit håp om at fleire saker kan bli tekne opp att. Om det ikkje får strafferettslege følgjer av å bryte lova, så blir dyrevernlova berre ei tom lov som berre er der for syns skyld. Det er uheldig, seier Tøllefsen.
- For alvorleg
- Saker som går på slike moglege lovbrot i næring med levande dyr, er for alvorleg til at dei kan bli lagt vekk på grunn av manglande sakshandsamingskapasitet, skriv Lilleberg.
Han ber politiet ta opp att sakene og byrje med å hente inn uttale frå Mattilsynet.
- Vil ta ein dialog
Politiinspektør Ronny Iden ved Sogn og Fjordane politidistrikt, registrerer at Statsadvokaten ber dei ta opp att pelsdyrsaker som er lagt vekt. At politiet no blir bedne om å ta opp att sakene, treng ikkje bety at det vil skje.
- Vi registrerer at han gjer dette på bakgrunn av at han meiner vi ikkje skal legge vekk saker med henleggelseskoden. Så får vi ta ein dialog med statsadvokaten om dette, seier han.
Feil bruk
Iden seier politidistrikta har ulik praksis når det gjeld å nytte manglande saksbehandlingskapasitet som grunn for å legge vekk saker. Han uttalar seg på generelt oppdrag.
- I utgangspunktet er det ikkje sikkert at koden er rett brukt. Det kan vere at vi burde brukt andre kodar i enkelte saker, seier han. Den aktuelle saka gjeld mellom anna avstand mellom byggverka, manglande revehol og framferd til dyr.
Snakk om prioritering
- Det er heile tida snakk om prioritering mellom viktige saker. I denne saka gjekk det lang tid utan at den vart prioritert for etterforsking, utan at eg kjenner årsaka til det. Men ein kjem til eit punkt der det ikkje er formålstenleg å gå vidare og saka blir lagt vekk, seier Iden og presiserer at han ikkje kjenner den aktuelle saka i detalj.
- Til dømes har vi hatt fokus på narkotikasaker i vår, og då må enkelte saker prioriterast vekk. Om ikkje noko er gjort med ei sak etter to-tre månadar, så er det ikkje sikkert at det er noko verdi å gå vidare, seier han.