Hopp til innhold

Får ikkje drite gratis

I juli har kring 1000 ikkje-betalande turistar kvar dag spurd om å få gå på do på Videseter Hotell.

Videseter hotell
Foto: Ottar Starheim / NRK

Det er nesten 40 kilometer til næraste do, men hotelldirektør Per Garen er no lei av å drive gratistoalett.

- Det har vel sjeldan vore så mykje driting og pissing oppover buskane som i år, seier han.

- Men det er ikkje dumt at dei går på do utanfor hotellet?

- Det er det alternativet som finns. Vi kan ikkje slite ut det som vi har sjølv fordi ingen andre vil hjelpe til. Det er eit kommunalt problem. Gjestene våre får gå på toalettet, men vi kan ikkje sleppe inn alle andre.

Er lei!

Avisa Fjordingen skriv at hotelldirektør Per Garen er bokstaveleg talt drit lei av at turistar som korkje bur på hotellet hans eller nyttar andre tenester som dei tener pengar på, vil innom berre for å bruke toalettet. I juni var der kring 200 turistar innom dagleg.

 - I juli er det tre-fire gonger verre. Problemet er at vi får heile rekninga og ingen inntening. Folk forlangar å ha det reint og fint, så dette fører til meirarbeid for oss, seier han til NRK.

Han seier at dei har søkt om å få tilskot til å drive dei toaletta dei  har, men at dei har fått avslag.

Ville ikkje gi pengar

Rådmann i Stryn, Harald Risnes, seier kommunen har utvikla ein plan for offentleg toalett på Strynefjellet. Fleirtalet av politikarane i kommunestyret ønskte imidlertid ikkje å bevilge pengar til dette.

- Men kommunen har ikkje problem med at folk går på do ute på fjellet?

- Viss vi skulle hindre det, så måtte vi ha toalett overalt, seier han.

Politikarane i Stryn kunne ikkje kommentere saka ovanfor NRK i dag.