Hopp til innhold

Får ansvaret for Tall Ships-fadesen

Rådmann Ørjan Raknes Forthun får det formelle ansvaret for Tall Ships Races "havariet" i Måløy.

Ørjan Raknes Forthun

Ørjan Raknes Forthun, rådmann i Vågsøy, får ansvaret for Tall Ships Races-underskotet.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Det kjem fram i ein 41 sider lang revisjonsrapport frå BDO Noraudit, skriv Fjordenes Tidende .

Firmaet vart hyra inn av kommunestyret i Vågsøy til å gjennomføre ein ekstern revisjonsrapport etter arrangementet i fjor.

Minus 15 mill.

Sjølv om "Sjøens OL" vart ein suksess arrangementsmessig, gjekk underskotet med dundrande underskot. Eit minus på 15 millionar kroner har fått store følgjer følgjer for kommuneøkonomien i Vågsøy .

- Budsjettkontrollen har ikkje vore tilstades, og utgiftene har vore betydleg meir omfattande enn det økonomien tillet. Det formelle ansvaret må ligge hjå rådmannen, skriv verksemda i rapporten, ifølgje avisa.

Ny rådmannskritikk

Rapporten understrekar kritikken som revisor Markvard Sunde retta i sin revisjonsrapport om Tall Ships Races . Rådmannen får kritikk for å ikkje ha orientert kommunestyret om auken i inntektsråmene ut over ein million kroner, slik han skulle gjort ifølgje økonomireglementet.

Først ved årsrekneskapen for 2008 fann Noraudit signal om at kommunestyret vart orientert om at ein gjekk mot ein formidabel budsjettsprekk før i årsrekneskapen for 2008.

Ikkje tilfredsstillande

Det har heller ikkje vore lagt fram prognosar undervegs som kunne underbygge inntekter og utgifter.

Noraudit konkluderer med at det er nærliggande å tru at kontrollen med kostnadsutviklinga ikkje var tilsfredsstillande.