Hopp til innhold

Fannemel tok sølv i NM

Anders Fannemel tok sølv under hopp-NM normal bakke på Rena i dag. Honndølen er kjempenøgd med resultatet.

Fannemel
Foto: Karlsen, Anette / NTB scanpix

Fannemel var berre 1,5 poeng bak vinnaren Tom Hilde. Anders Jokobsen kom på tredjeplass.

– Eg er veldig godt fornøgd med hoppinga mi i dag, seier Fannemel på telefon frå Rena.

– Du var også på andreplass etter første omgang. Var du nervøs for siste hoppet?

– Nei, eg var ikkje særleg nervøs. Eg har følt meg veldig roleg i kroppen i heile dag og då er det lett å hoppe, seier han.

Like bak gullet

– Du var berre eit og eit halv poeng bak gullet. Er det litt surt at du ikkje nådde heilt opp?

– Eg gjekk eigenleg for gull i dag, men andreplass er også kjempebra.

– Kor viktig er det med ein god sesongstart?

– Det er veldig godt å kome igang på ein slik måte, seier Fannemel.

Gler seg til storbakken

– I morgon er det stor bakke. Korleis ser du på den konkurransen?

– Storbakken er veldig fin og eg gler meg til i morgon. Eg håper å kome høgt opp på resultatlista også der, seier han.

Anders Fannemel sine søskenbarn deltok også i normalbakkerennet. Dei kom langt bak på resultatlista, men Anders synest det er kjempekjekt å ha med slektningane.

– Det er godt å sjå at dei byrjar å bli gode dei også, seier Anders.