Hopp til innhold

Fannemel nr 12 for andre gong i dag

Honndølene er nøgd med innsatsen, men håpar han kan klare å komme seg inn blandt dei ti beste.

Fannemel

NR 12: Det vart to plasseringar på 12.plass for Anders Fannemel søndag.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

- To renn på ein dag er ganske spesielt, men eg er nøgd med hoppinga, seier Anders Fannemel.

Slit med flyginga

Schlierenzauer

VINNAREN: Austerriske Gregor Schlierenzauer vann i hopprennet søndag.

Foto: NRK

Han var på veg heim til Lillehammer etter å ha hoppa to renn søndag på grunn av sterk vind laurdag. Og det vart to plasseringar på 12.plass for Fannemel søndag.

- Plasseringane er eigentleg bra dei. Eg har arbeidd godt med hoppsatsen, men slit med flyginga. Det taper eg ganske mange meter på, seier Honndølen.

- Kva skal du gjere med det frammover?

- Eg må trene meir på dette. Det som skjer er at eg blir brei med skia og fell mellom dei og då vert eg ståande bak. Dermed flyg eg ikkje så godt frammover. Men eg håpar at trening heime vil hjelpe på, seier han.

Sterk vind øydela

Det vart ein intensiv dag for hopparane i verdscupen sidan rennet laurdag vart flytta til søndag. Dermed måtte dei over hoppkulen to gonger same dag.

Det var sterk vind i Harraschov der rennet var, og utøvarane måtte vente på å hoppe på grunn av fleire utsetjingar.

Fannemel hoppa 173 meter og fekk 154,3 poeng i det siste rennet.

Teamtur neste helg

Andreas Stjernen

BEST AV DEI NORSKE: Andreas Stjernen vart beste norske på ein sterk fjerdeplass.

Foto: DANIEL SANNUM LAUTEN / Afp

Det vert ikkje mange dagane hopparen får heime. Allereie neste helg skal han på tur att.

- Då er det teamtur til Tyskland og det gler eg meg til.

- Trenaren din, landslagstrenar Alexander Stöckl, meinte du kunne klare å bli blandt dei ti beste i dag. Kva seier du til det?

- Eg hadde klart det i dag om eg hadde flydd skikkeleg. Men eg har trua på at eg skal klare det, seier honndølen.

Målet er VM

- Kva er målet ditt no?

- Målet er sjølvsagt å bli teken ut til VM laget om to veker. Eg skal jobbe hardt fram mot det, og håpar eg klarar å få orden på flyginga, seier han.

Honndølen strekte seg til 203,5 meter i første omgang, men slo av 17 meter i finaleomgangen.

Det vart austerriske Gregor Schlierenzauer sin dag i hoppbakken.

Siger til Schlierenzauer

Han førsteomgangen, og Schlierenzauer hoppa 197,5 meter i siste rennet som gav han191,8 poeng.

- han er heilt i sin eigen klasse.Det er imponerande det han klarer å få til, seier Fannemel om vinnaren søndag.

Jan Matura fra Tsjekkia kom på andreplass med 187,2 poeng etter et svev på 194,5 meter.

LES OGSÅ: Sterk vind stogga Fannemel

Beste norske på femteplass

Tredjeplassen gjekk til slovenske Jurij Tepes med 186,1 poeng.

Og beste norske hoppar søndag vart Andreas Stjernen med femteplass med eit hopp på 190 meter og 176,2 poeng.