Fann vrak etter nærare 60 år

Fisketrålaren Laforey har vore eit mysterium i nærare 60 år. Så fann dykkarar båten.

Video Oppsiktsvekkande vrakfunn

Sjå videoen som vart sendt på vestlandsrevyen 30.08.2010

Vraket etter ei av dei mest dramatiske skipsulykkene på Vestlandskysten i moderne tid er funne av dykkarar utanfor Florø.

Skjult i 60 år

 Laforey

Frode Ellingsund

Foto: Frode Ellingsund
 Laforey

Dykkar i aksjon for å finne vraket

Foto: Frode Ellingsund
 Laforey

Faksimile frå ei britisk avis av skipet

Foto: Faksimile
 Laforey

Vraket av skipet var nesten inntakt då det vart funne

Foto: Frode Ellingsund
 Laforey

Dykkarane var svært glade for å finne vraket etter nesten 60 år

Foto: Frode Ellingsund
 Laforey

Dykkarane fortel om eit spennande terreng under vatnet der skipet i dag ligg

Foto: Frode Ellingsund
 Laforey

Området der skipet gjekk ned er svært vanskeleg tilgjengeleg på grunn av den krevjande sjøen

Foto: Frode Ellingsund

I nesten 60 år har fisketrålaren Laforey vore sakna etter forsliset der 20 engelskmenn omkom.

- Det er spennande for oss som driv med dykking og finne vrak som ingen har gjort dykk på før, seier Frode Ellingsund. Han var med då dykkarteamet fann den 60 år gamle skjulte skatten utanfor Florø.

Han høyrde første gongen om skipet gjennom ein dykkar i Florø, Svein Seljeseth. Han har dykka på vraket fleire gonger, men då berre funne forvridde delar av det.

Fann små vrakrestar

Ellingsund fortel at han vart så interessert i å finne vraket at han saman med to andre valgte å reise til Florø for å gjere eit forsøk.

Ein av dei måtte vere i båten heile tida på grunn av den vanskelege sjøen, medan dei andre var ute i vatnet og dykka.

- Det var eit spennande terreng under vatnet. Vi fann først små vrakrestar av stål, deretter røyrdelar. Så vart vrakrestane større og større. Og plutseleg så låg vraket av Laforey der framføre oss, fortel Ellingsund.

Skipet vart nesten heilt inntakt bortsett frå at akterenden som knakk under forliset var øydelagt.

Sendte naudmeldingar

Det var natt til måndag 8.februar i 1954 at den britiske trålaren gjekk på eit skjer og vart ståande fast utanfor Florø. Mannskapet ombord sendte ut naudmeldingar som vart plukka opp av mellom anna Florø Radio og ein annan trålar.

Den andre båten viser seg å vere søsterskipet til Laforey. Dei la med ein gong om kursen for å kome skipet til unnsetning.

Mista radiokontakten

Like etter vert radioakontakten med Laforey broten, og ingen høyrer noko meir frå mannskapet ombord. Den grove sjøen hamrar på skipet som til slutt brekk i to. Baugen synk med ein gong ned i havet, medan aktarenden på skipet vert liggande på skjeret nokre dagar før også den forsvinn i djupet.

Kaptein William Mogg som vart 57 år omkom saman med resten av mannskapet, mellom anna sonen til kapteinen 32-åringen Kenneth.

Mogg var ein av dei mest rutinerte kapteinane i fiskeflåten den gongen, og hadde også vært kaptein på båt som dreiv med minerydding under krigen.

Ei grav for 20 sjøfolk

- Medan vi dykka og såg på vraket tenkte vi på at det var første gong nokon såg skipet etter at det forliste i 1954.

På grunn av lite luft på dykkerflaskene måtte dei returnere til overflata. Men dei hadde teke bilete og ein liten filmsnutt av vraket.

- Vi vil respektere Laforey for det er ei våt grav for 20 sjøfolk som ikkje skal bli forstyrra unødvendig, seier Ellingsund.