Hopp til innhold

Skulle berre utvide vegen - no må lokalhistoria skrivast om

Nye arkeologiske funn gjer at mange jølstringar no må skrive om gardshistoria si. Det er nemleg avslørt at det har budd folk der langt tidlegare enn det ein før har trudd.

Arkeologiske utgravingar i Jølster

LOKALHISTORIE: Langs E39 mellom Bjørset og Skei i Jølster har ein no funne spor etter busetnad heilt tilbake til bronsealderen.

Foto: Fylkeskommunen/Statens vegvesen

Berit Gjerland

SPENNANDE: Seier Berit Gjerland i kulturavdelinga om den nye kunnskapen.

Foto: Susanne Egset / NRK

Det er mange i Jølster som no må skrive om lokalhistoria. Ei arkeologisk undersøking gjort av Vegvesenet og Fylkeskommunen har nemleg avslørt at det har budd folk i området svært langt tilbake i tid.

Faktisk har ein no bevis for at det var folk som budde der heilt tilbake til bronsealderen.

– Dette er kjempespennande og heilt ny kunnskap, seier Berit Gjerland ved kulturavdelinga i Fylkeskommunen.

– Dette var heilt uventa

Vegvesenet skal utvide E39 som går langs Jølstravatnet. I samband med dette har dei vore ute i felten for å saumfare området mellom Bjørset og Skei.

Det enda med at lokalhistoria blir utvida med over 1000 år. Gjerland sit no med ein rapport med handfaste vitnemål frå ei svunnen tid. Verken ho eller nokon andre hadde trudd at dei skulle oppdage det dei no har gjort.

– Då vi sendte folk ut i felten hugsar eg at vi fortalde dei at dei eldste funna av jordbruk som er gjort i Jølster er frå hundreåra før Kristi fødsel, altså tidleg eldre jernalder, fortel Gjerland og held fram:

– Vi sa til dei at det hadde vore kjempespennande om dei kunne finne spor etter jordbruk i bronsealderen. Ja, sa dei og ville gjere sitt beste.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arkeologiske utgravingar i Jølster

BUSETNAD: Funna betyr at folk i Jølster må utvide lokalhistoria si med 1300 år.

Foto: Fylkeskommunen/Statens vegvesen

Må utvide lokalhistoria med 1300 år

Og som sagt så gjort, dei nye funne viser at folk har budd i området i over 1300 år før nokon hadde trudd.

Rundt om kring i Sogn og Fjordane finst det fleire spor etter busetnad så langt tilbake i tid, men akkurat i dette området var det ingen som hadde trudd at ein skulle finne spor etter busetnad så langt tilbake.

– Vi har fått gjennomgåande dokumentasjon på jordbruk tilbake til bronsealderen. Og det i eit område der vi ikkje eingong hadde grunn til å tru at vi skulle finne det, seier Gjerland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arkeologiske utgravingar i Jølster

BRONSEALDER: Heilt tilbake til bronsealderen har det vore folk som har busett seg her langs Jølstravatnet.

Foto: Fylkeskommunen/Statens vegvesen

– Dei skriftlege kjeldene er ikkje gode bevis

Funnet av jordbruk frå bronsealderen gjer at gardsbrukarane på Jølster rett og slett må sette seg ned og skrive om gardshistoria si.

– Gardane er mykje eldre enn det folk trur i dag. I og med at det ikkje finst skriftlege kjelder veldig langt tilbake i tid, så trur folk at gardane ikkje er eldre enn dei eldre skriftlege kjeldene.

– Men dette er feil. Gardane er mykje eldre og det arkeologiske materialet vi no har funne i jorda har gitt nye bevis som fortel mykje om lokalhistoria i dette området.

Arkeologisk funn i Jølster

DOKUMENTERT: Fylkeskommunen og Statens vegvesen sit no på handfaste bevis på busetnad tilbake i ei svunnen tid.

Foto: Susanne Egset / NRK