Hopp til innhold

Fann skilnadene på folk i fylket

Javisst - det er store skilnader på folk i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

Publikum sommarfesten i Førde 2009

SLIK ER VI: Jens Brekke har med glimt i auga sett nærmare på korleis vi eigentleg er i Sogn og Fjordane. Han meiner det faktisk er ein skilnad på nordfjordingen, sunnfjordingen og sogningen.

Foto: Eirin Aardal/NRK

Har du hatt ei kjensle av at folk i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn har ulike generelle karaktertrekk - til dømes at sunnfjordingen er tregare enn sogningen?

Vel, då er du ikkje åleine. No har læraren og kulturarbeidaren Jens Brekke skrive bok om fenomenet.

Slik oppsummerer han med eigne ord skilnadene mellom folket i Sogn og Fjordane:

  • Nordfjordingen er den korrekte og og litt militære.
  • Sunnfjordingen er den trauste og trege. Det treng ikkje vere negativt, men han tenkjer seg om før han gjer noko.
  • Sogningen har derimot ingen av desse eigenskapane. Han handlar, og er nær sagt vill og galen.

- Meir gauk enn vitskap...

Brekke er sjølv frå Vik i Sogn. Denne hausten kjem han ut med boka "Dei seie so... om sogningen, sunnfjordingen og nordfjordingen" saman med illustratør Arnstein Mygland på Selja Forlag.

I boka kjem han fram til konklusjonar, som liknar på det samfunns- og kulturforskaren Eilert Sundt gjorde på 1800-talet.

- Kor vitskapeleg er dette - eigentleg?

- Hehe. Det er vel meir på gauk enn på vitskap, humrar Brekke.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jens Brekke

NY BOK: Jens Brekke byggjer opp under påstandar om at folk i regionane i fylket er ulike.

Foto: NRK
  • Kva har du opplevd? Sei meininga di i kommentarfeltet under saka.

Har sett på folk som handlar pølse

Brekke har det siste året reist mykje rundt om i fylket i samband med jobben, og er full av lovord om Sogn og Fjordane.

Gjennom reisene har han dessutan brukt tid på å observere folk som skal handle i kiosken på ferjene i fylket.

- Eg har sett eit mønster: Når nordfjordingen kjem, strekkjer han seg litt og seier «Kan eg få ei pølse?». Sunnfjordingen er litt meir nølande, han ser på pølsa og seier «... Kan eg få ei pølse?». Sogningen går fram, og seier «Pølse!», fortel Brekke.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Følg med, og du ser skilnadene

Forfattaren meiner skilnadene mellom folk har endra seg med åra, og etter kvart som det har flytta folk til fylket frå andre stader i landet.

- Det blir sjølvsagt noko utvatning. Det er kjærleiken som bryt ned dese grensene.
Men er ein observant på det, ser ein skilnadene framleis, seier Brekke.

- Er ein ikkje observant på det, legg ein heller ikkje merke til det, forklarer han.