Hopp til innhold

Fann levande kattar i søpla

Då dei tilsette ved ASVO sorterte papp og papir, høyrde dei brått pipelydar frå samlebandet. Der stod ein lys levande kattunge.

Reidun Haug Silden (bak t.v.), Sigrunn Falkevik Øye og John Svarstad (t.h.)

SEKUND UNNA: Reidun Haug Silden (bak t.v.), Sigrunn Falkevik Øye og John Svarstad (t.h.) oppdaga kattungane i søpla.

Foto: Svanhild Breidalen / Fjordenes Tidende

Det er Fjordenes Tidende som først fortalde den utrulege historia frå ASVO på Kulen i Deknepollen.

Måndag ettermiddag hadde det kome ein komprimatorbil som hadde samla inn papp og plast til verksemda. Den hadde køyrt frå Førde til Måløy og tippa lasset sitt på ASVO. Tysdag morgon tok dei tilsette fatt på jobben med å sortere dette.

– Etter ei stund høyrde vi piping. Brått stod det ein lys levande kattunge på beltet til pressa, fortel arbeidsleiar John Svarstad til NRK.no.

To levde – ein var død

Han og dei andre fekk raskt stoppa samlebandet og redda kattungen frå den sikre død.

Etter ei stund oppdaga dei plutseleg ein kattunge til. Den låg livlaus i papphaugen. Då det byrja å minke med papp, oppdaga dei nok ein kattunge. Den var heldigvis i live.

– Kattar har jo ni liv og desse to har nok brukt opp eit av dei, seier han.

Kattungane er om lag fire veker gamle og er tydeleg vane med folk. Dei to som levde var i fin form. Svarstad er sikker på at kattungane må ha kome med bilen og at dei ikkje har hamna der med eit uhell. Han trur ikkje dei har kome seg inn i lokalet på anna vis.

– Den eine låg jo død midt i lasset. Korleis kunne den hamna der av seg sjølv?

Trist og trasig

Dei tilsette tykkjer det både er trist og trasig å oppleve slikt. Svarstad ønskjer at folk heller kvitter seg med kattane på ein annan måte.

– Vi veit jo nesten ikkje kva vi skal gjere. Eg kjenner heldigvis ei i Dyrebeskyttelsen. Ho var i nærleiken og tok hand om begge to.

– Har de opplevd noko slikt før?

– Nei, ikkje slikt som dette heldigvis. Det er mykje rart som kan dukke opp, men kattungar har vi ikkje funne. Vi håper vi slepp å oppleve noko slikt igjen, seier han.