Hopp til innhold

Fann kattungar i bag på venterommet - no treng dei ny heim

To forlatne kattungar blei onsdag funne i ein bag på eit venterom i Måløy. – Ein dårleg måte å kvitte seg med kattar på, seier lensmannen.

Kattunger

SØTE SMÅ: Desse to nøstene er no i trygge hender etter at Dyrebeskyttelsen har teke hand om dei.

Foto: Ole-Andre Rekkedal / NRK

Kattungane blei oppdaga tidleg i dag av ein tilsett på ekspressbåtterminalen i Måløy. Politiet blei kontakta og lensmann Tormod Hvattum tok turen til venterommet.

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

ALLSIDIG JOBB: Onsdag måtte lensmann Tormod Hvattum rykkje ut til to forlatne kattar.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende

Torgkaia og ekspressbåtterminalen i Måløy

FANN DEI HER: Dei to pusekattane blei funne på ekspressbåtterminalen i Vågsøy.

Foto: Ottar Starheim / NRK
– Der stod det ein bag og to kattungar, men ingen eigar var å sjå, seier lensmannen.

Oppi bagen var det mat og ein lapp der det stod det eit spørsmål om nokon kunne ta seg av kattane. Årsaka var sjukdom i familien. Dei to små er truleg rundt ni månader gamle.

– Bagen med kattane er truleg sett av på venterommet tysdag kveld. Kattane ser ut til å vere i god form, seier han.

Katten stakk av

Då lensmannen kom til terminalen, var den eine katten ute. Då Hvattum fekk tak i den, stakk den andre av.

– Eg fekk ikkje tak i den og varsla Mattilsynet og Dyrebeskyttelsen, seier han.

– Kva tenkjer du om å setje frå seg ein bag med kattar slik?

– Det er ein dårleg måte å bli kvitt kattar på og det er heldigvis sjeldan vi får slike telefonar. Men no legg vi ikkje meir ressursar i denne saka. Kattane blir tekne godt vare på no framover.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bettina Astor

GODT STELL: Bettina Astor i Dyrebeskyttelsen har no teke seg av dei to kattane. Ho håper dei snart får nye heimar.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Skal få kos og stell

Etter litt kloring frå ein redd katt, klarte dei tilsette i Mattilsynet å fange den. Dei to kattane blei plasserte i kvart sitt bur og så gjekk turen mot Førde.

Her blei dei henta av fylkesnestleiar Bettina Astor i Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane. Ho fortel at dei to nøsta virkar til å vere i god form, men at særleg den eine virkar redd.

– No skal eg ta med kattane til dyremottaket i Høyanger. Der får dei varme, kos og stell, seier ho.

– Folk bør be oss om hjelp

Sidan ho ikkje veit kva som ligg bak, vil ho ikkje seie så mykje om denne måten å kvitte seg med dyr på.

– I utgangspunktet er slikt kritikkverdig. Men det er vanskeleg å seie noko om dette, for vi veit ikkje kvifor det blei gjort. I utgangspunktet bør heller folk ringe oss på førehand, slik at vi i dyrebeskyttelsen kan hjelpe til, seier ho.

– Kva er ditt råd til dei som ikkje klarer å ta seg av dyra?

– Det er først og fremst å omplassere dei. Heng opp annonsar eller prøv å selje dei på internett. Kattane har altfor låg verdi og bør ikkje gjevast vekk. Du finn sjeldan ein hund dumpa på denne måten, det skjer oftare med kattar, seier ho.

Håper på nye heimar

No skal dei to små nøsta få ein helsesjekk og deretter steriliserast.

– Vi satsar på å få dei ut til forvertar og snarast mogleg i nye heimar. Eg har eit stort håp om at desse to snart får seg ein ny stad å bu, seier Astor.