Hopp til innhold

Fann krasja bil – mistenker sjåføren var rusa

Politiet mistenkjer at ein 19 år gamal mann på Askøy krasja i fylla i natt etter at bilen hans blei funnen skadd i vegbana.

Det var ingen personar i køyretøyet, men politiet greidde å spore desse opp.

Ifølge Ingrid Teigland Tepstad, operasjonsleiar i Vest politidistrikt, trur dei sjåføren var rusa. Dei har teke frå han førarkortet og opprettar sak.