Hopp til innhold

Har funne fleire lovbrot enn på lenge

34 av dei 152 bedriftene LO sin sommarpatrulje har besøkt i Sogn og Fjordane hadde brot på arbeidsmiljølova.

Michelle Walmann i LO sin sommarpatrulje

VIKTIG ARBEID: Michelle Walmann har saman med resten av LO sin sommarpatrulje vore rundt på 152 bedrifter i fylket. Mange av vikarane mangla blant anna arbeidskontrakt.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det vil seie 22,4 prosent, og det er fleire brot enn på lenge. Dei vanlegaste problema er manglande arbeidskontraktar. 27 av dei 34 bedriftene som hadde brot handla om nettopp det.

– Det er også brot på reglane for arbeidstid. Ein del får ikkje pause slik dei skal ha og ein del får ikkje overtidsbetalt eller jobbar overtid utan at dei har lov til det. Dei som er under 18 har ikkje lov å jobbe overtid. Og så er det litt andre brot når det gjeld arbeidstid, som til dømes at vaktplanen ikkje er god nok, seier fagleg ungdomssekretær i LO i Sogn og Fjordane, Michelle Walmann.

– Alvorleg

Brota som er funne vert rekna som mindre problem, og Walmann seier at dei vikarane dei har snakka med ikkje har vore veldig misnøgde. Likevel ser dei alvorleg på forhold som til dømes manglande kontrakt.

– Det er klart det er alvorleg, for det er jo ein grunn til at reglane er der. Det er ting vi tek seriøst, men vi rettar ganske fort opp i det, og det er lettare å rette opp i slike feil enn når vi ungdom som er i konflikt grunna brot, seier ho.

Og det er nettopp det som er årsaka til at sommarpatruljen vel å reise ut tidleg på sommaren.

– På tidspunktet vi finn manglane er stort sett ikkje desse tinga blitt eit stort problem. Det er ikkje så mange som tenker over feila før vi finn dei. Det er først i etterkant at det kan føre til problem.

(Saka held fram under biletet)

LO sin sommarpatrulje i Sogn og Fjordane

SOMMARPATRULJEN: Frå venstre: Ingeborg Førde, Azam Samsudeen, Ann Kristin SOlheim, Thor Mehammer, Ingrid Heggø og Michelle Walmann.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ikkje dei store konfliktane

Sjølv om sommarpatruljen har funne fleire feil enn på lenge, er feila likevel ikkje av dei mest grove, men nokre meir alvorlege brot har dei funne.

– Det er nokre bedrifter at når ein først finn småfeil så ser ein gjerne at dei har litt uryddige forhold, der ein merkar det på dei som jobbar der at dei lurer på om dette er riktig. Men vi har ikkje funne dei store konfliktane, seier Walmann.

Melder vidare til Arbeidstilsynet

LO ser difor at det etter 28 år etter starten på sommarpatruljen deira, er behov for dei. Dei opplever også å få fleire medlemmer som følgje av patruljeringa.

– Mange av dei vi har snakka med har meld seg inn i LO, og då får dei ekstra hjelp av oss og systemet vårt i ettertid.

Stort sett vert feila rydda opp i på staden, seier Walmann, men det ein ikkje klarar å rydde opp i vert send vidare til Arbeidstilsynet.

– Ein del manglande arbeidskontraktar og mangelfull opplæring på HMS der det absolutt burde vore på plass, noko vi har funne ein del av, har vi send til Arbeidstilsynet, seier ho.