Hopp til innhold

Fann død person: Politiet ba finnarane sende MMS av den døde

BALESTRAND (NRK): Verken politi, lege eller ambulanse ville rykkje ut då tre kvinner fann ein død person utandørs i Balestrand. I staden bad politiet finnarane sende MMS-bilete av den døde.

Marta Kvikne fann død mann

BALESTRAND: Måndag denne veka blei ein død personen funnen i ein hage i Balestrand i Sogn. Marta Kvikne var ein av dei som var med på å finne mannen.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

Det var måndag kveld denne veka at den døde personen blei funnen i Balestrand, ikkje langt frå Kviknes hotell, skriv Sogn Avis.

Tre kvinner var blant dei første på staden. Då dei varsla AMK rekna dei med rask utrykking, men slik gjekk det ikkje.

Beskjeden frå politiet var at dette ikkje var noko politisak, og at dei ikkje ville sende politiressursar.

– Eg trudde at politiet i det minste ville kome å sjå nærare på saka. No tok politiet ei vurdering ut i frå det vi forklara dei på telefonen. Då blir eg uroa for om saka har blitt behandla slik den skulle, seier Marta Kvikne frå Balestrand.

Bad om mobilbilete

Politiet blei varsla klokka 21.30 måndag kveld. Men operasjonssentralen vurderte saka dit hen at ingen frå verken helsetenesta eller politiet skulle rykkje ut på hendinga.

– Det blei vurdert at dette ikkje var noko politisak. Difor sende vi ikkje politiressursar, seier politiinspektør Odd Arve Solvåg til NRK.

Dei tre kvinnene reagerer likevel på at ingen frå naudetatane kom til staden.

– Politiet stilte ei rekkje spørsmål og bad oss om å ta bilete av personen med mobilen og sende over, seier ei av kvinnene.

Politiinspektør Odd Arve Solvåg vedgår at politiet bad dei tre kvinnene om å sende mobilbilete av den døde personen.

– Det å be utanforståande om å ta bilete av ein død person er ikkje greitt.

Fleire timar gjekk før nokon frå eit gravferdsbyrå frakta den døde personen vekk frå staden.

– Ikkje greitt

Heidrun Bjørg Sveinsdottir Grinde jobbar som sjukepleiar og var tilfeldigvis ein ein av dei første på staden. Det var ho som blei bede om å ta bilete av den døde personen.

– Det var ekkelt å ta eit slikt bilete på min private telefon. Vi reagerer på at det tok så lang tid før nokon kom. Uansett burde nok politiet vore på staden, seier Grinde.

Solvåg understrekar at det ikkje ligg økonomiske årsaker eller ressursar til grunn for at ingen frå naudetatane blei kalla ut.

– Er det behov for å sende nokon på eit oppdrag skal det ikkje takast økonomiske omsyn, så dette handlar ikkje om ressursar.

Ein politibetjent som bur like ved der den døde mannen var klar til å rykkje ut, men han fekk aldri signal frå operasjonssentralen om å reise ut.

– I ettertid kan vi nok seie at den vurderinga som blei teke burde blitt gjort annleis. Vi får beklage at det blei som det blei, seier Solvåg.

Han seier politiet no vil vurdere saka internt og at politiet vil sjå på sine rutinar internt.

ordførar i Balestrand, Harald N. Offerdal

SJOKKERT: Ordførar i Balestrand, Harald Offerdal, er rysta over det han kunne lese i Sogn Avis i dag.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

– Sjokkert

Lensmann i Balestrand og Høyanger, Kåre Jan Hofrenning, seier det ikkje er grunn til å tru at det ligg noko mistenkeleg bak dødsfallet.

– Hadde vi hatt mistanke om at det låg noko kriminelt bak, hadde vi bede om obduksjon. Den døde personen er ein eldre mann med tilknytning til Balestrand, seier Hofrenning til NRK.

Ordførar Harald Offerdal (Ap) i Balestrand reagerer kraftig på hendinga.

– Eg er sjokkert over måten naudetatane har handtert dette på. Det skal ikkje vere slik at vanlege folk må utføre politioppgåver, seier Offerdal.

– I ettertid når ein ser korleis dette enda, ser ein at dette kanskje burde blitt gjort, seier Solvåg.