Hopp til innhold

Varetektsfange gøymde narkotika i stikkontakten på cella

I stikkontakten fann fengselsbetjentane kvitt pulver, fint innpakka i papir. Dette viste seg å vere narkotika.

Vik fengsel

GØYMDE: Mannen sat varetektsfengsla i Vik fengsel, men hadde med seg meir enn det han hadde lov til på cella.

Foto: Steinar Lote / NRK

I Sogn tingrett er mannen i 30-åra dømd til å betale 5.000 kroner i bot for å ha gøymt unna kring eitt gram av Subutex eller Suboxene på cella si.

To betjentar kom over det under ein rutineinspeksjon i juli i fjor. Papirbiten fall ut då dei tok ut støpselet av ein stikkontakt. Fangen var ikkje til stades då inspeksjonen fann stad, men erkjende i si forklaring i fengselet at stoffet var hans.

Likevel godtok han ikkje førelegget. Dermed enda saka i tingretten, der han ikkje møtte då saka var oppe.

Påtalemakta kravde også at mannen skulle betale sakskostnadene på 3.000 kroner til det offentlege. Av økonomiske omsyn vart ikkje påstanden teken til følgje.