Fanga havørn med felle - no må pensjonisten i fengsel

Mannen i 60-åra er dømd til 36 dagar fengsel for å ha sett opp felle og fanga ei freda havørn. Han er også frådømd jaktretten i to år. I tillegg må han betale 2.000 kroner til staten.

Fjordane tingrett
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det var i mai i 2013 at politiet fekk melding om at det var funne ei havørn som sat fast i ei slagfelle i Sunnfjord. Havørna har vore totalfreda i Norge sidan 1968.

Ørna var i live då ein representant frå Statens naturoppsyn kom til staden. Rovfuglen vart teken med til dyrlege, som konstaterte at ho hadde blautskadar i beina, men at ingenting var brote. Ørna kom seg såpass i løpet av fem dagar at ho kunne setjast ut att i området.

I retten nekta mannen for å ha hatt noko som helst med slagfella å gjere. Det var også teke ein DNA-prøve av fella, som gav ein fullstendig DNA-profil som ikkje samsvarte til mannen sin.

Brukte sauehovud som åte

Likevel fann retten etter ei heilskapleg vurdering at det var prova utover ei kvar rimeleg og fornuftig tvil at det var mannen som hadde sett ut fella.

Sakkunnige forklarte at fella var slik plassert at det ikkje var tvil om at det var rovfugl som var fangstmålet.

Mannen var i utgangspunktet sikta for fleire tilfelle av ulovleg jakt. Under forklaringa hans kom det fram at mannen nytta sauehovud som åte ved tidlegare høve når han hadde nytta slagfelle. Det var også det åtet som var nytta i fella som tok ørna.

Då politiet ransaka eigedommen til mannen, fann dei tre nedfrosne lam utan hovud i ein frysar. Fella stod også plassert på ein teig der mannen er grunneigar.

Får ikkje drive jakt på to år

I samband med funnet av ørna, fann Statens naturoppsyn også ei aktiv burfelle med åte av ein huskatt og to oter-lår. Det vart også funne eit øyremerke ved fella. Mannen erkjende i retten at det var han som hadde sett ut denne fella.

I retten fortalde mannen at han var klar over reglane for jaktsesong, men at han likevel let burfella stå open etter at jaktsesongen var over.

I tillegg til fengselsstraffa er mannen frådømd retten til å drive jakt og fangst i to år. Mannen er også dømd til å betale 2.000 kroner til det offentlege.