Påtalemakta meiner Gulating lagmannsrett brukte lova feil då dei frifann mannen for familievald.
LES OGSÅ:
Kvinna sin advokat, Robert Fonn, seier ho er glad for at saka får ei ny vurdering.
– Dette er tosidig, på den eine sida er det tungt å stå i prosessen, samstundes er ho oppteken av at det blir ei rett avgjerd.
Dømd i tingretten, så frikjend
Mannen var tiltalt for fysisk og psykisk vald over 20 år mot ekskona. I Fjordane tingrett vart han dømd til fengsel i eitt år og seks månadar. Mannen anka og vart frifunnen av fleirtalet i Gulating lagmannsrett.
Ekteskapet var turbulent, og fleirtalet i lagmannsretten fann prov for fleire hendingar, men meinte likevel at mannen ikkje kunne dømmast etter familievaldparagrafen.
Robert Fonn deler påtalemakta sitt syn på at dette var feil.
– Det dei fann bevis for og som dei ikkje meinte var tilstrekkeleg til å dømme etter familievaldparagrafen er det Høgsterett no må ta stilling til.
Dermed blir det opp til Høgsterett å avgjere saka endeleg.
– Skuffa og overraska
Stig Nybø, som forsvarte mannen i lagmannsretten, seier klienten hans er skuffa og overraska over at saka blir teken opp i Høgsterett. Han ynskjer ikkje å kommentere saka utover det.
I anken blir det mellom anna vist til at frifinninga er i strid med domfelling i tilsvarande sak i Høgsterett i fjor. Dette meiner Robert Fonn er eit viktig poeng.
– Det positive er at ein då får prøvd det spørsmålet som vi meiner er feil avgjort i Gulating lagmannsrett. Min klient er klar på at dette som gjeld veldig mange. Vald i familierelasjonar er eit svært utberidd problem, og det er og eit satsingsområde for regjeringa.