Hopp til innhold

Frifunnen for konemishandling

Gulating lagmannsrett har frifunne ein mann i 50-åra for mishandling av ekskona.

Gulating lagmannsrett
Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Mannen vart i 2010 dømd til fengsel i eitt år og seks månader av Fjordane tingrett. Han anka dommen, og no har eit fleirtal på fire av sju i Gulating lagmannsrett kome til at prova i saka ikkje er sterke nok til å dømme mannen. I fleirtalet på fire er alle dei tre lagdommarane, medan mindretalet på tre er meddommarar.

Tiltalt for vald og trugsmål

Mannen var tiltalt for fleire tilfelle av fysisk vald, nokre av tilfella skal ha skjedd då paret budde på Austlandet, andre medan dei budde i Sunnfjord. I tillegg var han og tiltalt for å ha nekta ekskona mat og for å ha kome med trugsmål.

Grunnlaget for domfellinga i tingretten var mellom anna eit dommaravhøyr av eine dottera til paret. Men etter dommen i tingretten har ho trekt tilbake ein del av det ho fortalde i dommaravhøyr.

– Dei to var like gode

Fleirtalet i Gulating lagmannsrett legg til grunn at det var mykje og høglytt krangel mellom dei to ektemakane, men at dei to var like gode i så måte. Valdsbruken og trugsmålet er ikkje ein del av eit gjennomgåande mønster, og han må difor frifinnast, meinter fleirtalet.

Mindretalet på tre meiner det ikkje er tvil om at mannen har vore valdeleg og at han har krenkt, manipulert og kontrollert ekskona.