Hopp til innhold

Familien fekk eksotisk besøk av «Pia» på hytta

Familien Gangsøy og vener blei overraska på hytta ved Hardangerfjorden i helga.

STAS: Familien Gangsøy fekk litt uventa besøk på hytta i helga.

– Det var stor stas, seier Ingvild Gangsøy som er på hytta ved Ølve i Hatlestrand med familien sin i helga.

Laurdag kveld var ungane ute på altanen då dei høyrde flaksing og plystring som likna på «Twitter-lyden».

Sønene Filip og Thomas Gangsøy og kompisen deira Christoffer Haus oppdaga at det ikkje var ein kvardagsleg fugl som sat i tretoppen.

– Vi skjøna fort at dette ikkje var ein villfugl, seier mamma Ingvild.

Der sat nemleg den grå Jako-papegøyen «Pia».

Gutane handla raskt og starta å lokke Pia til seg ved å plystre på henne medan dei heldt armen ut. På ein videosnutt kan ein sjå at ho interessert snur seg og flyr mot dei, og set seg på skuldra.

Dei fekk Pia med seg inn i hytta. Ho er tam og flyr frå skulder til skulder. Ho er tydeleg svolten og sliten.

– Godteri var favoritten. Av ungane fekk ho chips, popkorn, vassmelon og banan, ler pappa Håkon Gangsøy.

Ungane på hytta syntes det var stor stas å få besøk av Pia. På biletet Christoffer Haus

GODTERI: Pia fekk god oppvarting medan ho gjesta hytta til familien Gangsøy.

Foto: Privat

– Trudde ho var tapt

Familien Gangsøy byrja kjapt å leita etter eigarane til Pia. Dei tok til sosiale medium og publiserte innlegg på Facebookgrupper der dei etterlyste eigaren.

200 meter vekke sit matmor Natalie Lønning heime og fortvilar over kjæledyret sitt som ho har hatt i fem år.

Pia hadde rømd frå buret sitt på altanen for over 30 timar sidan.

Lønning legg ut ei håpefull melding på Ølve Bygdalag si heimeside på Facebook der ho etterlyser Pia.

Papegøyen Pia - fb

ENGASJEMENT: Innlegget fekk 38 delingar på Facebook.

Foto: Skjermdump Facebook

På same tid får Gangsøy familien tips om å ringa lensmannskontoret og tipse om funnet. Det gjer dei. Og klokka 22:13 lyser Vest politidistrikt ut på Twitter at nokon har funne ei papegøye.

I kommentarfeltet til innlegget til matmor tikkar det inn ein kommentar med lenke til politiet si melding. Ho ringde politiet med ein gong, og fekk snakka med hytteeigarane.

– Det viste seg at dei budde berre 200 meter vekke, så ho hadde ikkje flydd så langt.

– Eg blei så letta og glad. Eg har høyrd at papegøyar har dårleg retningssans, så eg trudde ho var tapt for alltid.

Gjensynsglede

Natalie og mannen reiste bort for å henta den kjære papegøyen si med ein gong.

Då Pia såg dei komme inn døra på hytta, var gjensynsgleda stor.

– Eg hadde aldri trudd at papegøyar var så kjærlege. Det var så tydeleg at ho kjende att matmor si, og at ho var veldig glad, seier Ingvild Gangsøy.

– Ho flaug bort og landa på skuldra mi med ein gong, og la hovudet til kinnet mitt for kos, seier Lønning.

Eigar Natalie Lønning og den grå jako-papegøyen Pia.

KJÆLEDYR: Natalie Lønning har hatt Pia i fem år. Dei har knytt eit sterkt band.

Foto: Privat