Hopp til innhold

Familie må ut etter to år i landet

Ni år gamle Ilda og familien hennar har fått endeleg avslag på søknaden om asyl, og skal vere ute av landet om berre nokre veker. Støttegruppa meiner norske styresmakter bryt FN sin barnekonvensjon.

Må ut av landet

MÅ UT AV LANDET: Ilda har ikkje veldig lyst til å reise, etter at ho har vore i Førde i to år. Her er ho i leik saman med Marthe Holme og Henriette Bekken Romarheim.

Foto: Steinar Lote / NRK

Den ni år gamle flyktningen Ilda og familien hennar må returnere til heimlandet Kosovo etter to år i Førde.

Familien har fått endeleg avslag på søknaden om asyl.

- Eg bli litt lei meg når eg må reise frå vennene mine. Vi har vore i mange land, og vennene mine byrjar alltid å gråte når vi reiser, seier Ilda.

- Eg likar Ilda godt

Turid Bruland

KRITISK: Turid Bruland karakteriserer vedtaket frå Utlendingsnemnda som ein hån mot FN sin barnekonvensjon.

Foto: Steinar Lote / NRk

Familien hennar hadde vore på flukt i ni år før dei kom til Førde - og Ilda har med andre ord levd på flukt nesten heile livet. I Sunnfjord er familien integrert.

Då NRK snakka med 9-åringen, var ho i full vigør på skuleplassen saman med vennene sine.

- Eg synest det er veldig dumt at Ilda må reise. Eg er god venn med henne, og likar ho godt, seier venninna Marthe Holme.

- Ein hån mot barnekonvensjonen

No meiner støttegruppa til familien frå Kosovo at norske styresmakter bryt FN sin barnekonvensjon.

- Eg ser på dette vedtaket som ein hån mot barnekonvensjonen, seier Turid Bruland.

- Norske styresmakter seier at dei held seg til barnekonvensjonen, men dei set andre omsyn først. Dermed bryt dei barnekonvensjonen, meiner leiar for Barna først, Johan Bengtsson.

Vil ha prøvd sakene i uhilda organ

Norvall Nøringset

KRITISK: Norvall Nøringset kunne tenkje seg at slike saker vart etterprøvde av uhilda organ - sett i lys av barnekonvensjonen.

Foto: Steinar Lote / NRK

Også Norvall Nøringset i SV i Førde reagerer på utsendinga. Gruppeleiaren meiner Stortinget må ha ei full høyring på asylpolitikken sin sett i forhold til FN-konvensjonen.

- Eg skulle gjerne ha sett at dette vart prøvd i eit system, der vi fekk svar på om slike vedtak verkeleg er i tråd med barnekonvensjonen, seier han.

Vedtaket frå Utlendingsnemnda inneber at familien frå Kosovo må vere ute av landet innan 25. juni.