Hopp til innhold

Huslause etter brann i Svelgen

Ein familie på fire mista alt dei eigde då huset deira brann til grunnen måndag morgon.

Brann på Langeneset i Svelgen

BRANN NED: Eit bustadhus på Langeneset i Svelgen brann til grunnen i dag.

Foto: Geir Nybø / Bremanger Budstikke

Alarmsentralen Sogn og Fjordane fekk i seks-tida melding om eit bustadhus som stod i full fyr på Langeneset i Svelgen. Huset var overtent då brannmannskapa kom til staden.

Ingen var heime

Store brannstyrkar rykte ut saman med politi og ambulanse, men huset stod ikkje til å redde. I over to timar kjempa brannvesenet mot flammane.

– Ein familie på fire er huslause etter brannen, seier operasjonsleiar Leif Bell ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ingen av dei var heime då brannen starta.

Veit ikkje årsaka

Måndag ettermiddag dreiv brannvesenet ettersløkking på staden. Huset har brent til grunnen. Det står berre ein vegg igjen.

– Vi veit ikkje årsaka til brannen, men etterforskarar vil undersøke staden. Brannruinane må bli kald først, så eg trur ikkje vi får gjort undersøkingar før i morgon, seier Bell til NRK.no.

Brann i Svelgen

UKJENT ÅRSAK: Brannårsaka er framleis ikkje kjent.

Foto: Geir Nybø / Bremanger Budstikke

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.