Hopp til innhold

Fallulukke i Vågsøy

Mann i 50-åra frakta til Haukeland sykehus i luftambulanse.

Helikopter fra Norsk Luftambulanse
Foto: Lars-Erik Vollebæk / Norsk Luftambulanse

Politiet fekk melding om ulukka klokka 17.19 måndag ettermiddag.

- Det er snakk om ei fallulukke i eit byggjefelt i Vågsvåg. Mannen har falle tre meter ned frå ein stige, seier vakthavande ved operasjonssentralen til Sogn og Fjordane politidistrikt, Kjell Fonn.

Ambulanse og luftambulanse kom fort til ulukkesstaden.

- Der vart det gitt livreddande førstehjelp, før vedkomande vart send til Haukeland sykehus, seier Fonn.

Det er førebels usikker kor alvorlege skader mannen har pådrege seg.