Fallulukke i Kvam

Politiet fekk melding 21.38 om at to menn har ramla utfor ein mur i eit juv ved Tokagjelet i Kvam. Personane er antakelegvis skadde, opplyser vaktkommandør Helge Lund. Naudetatar er i dialog med mennene, men dei kan foreløpig ikkje sjå dei.

Luftambulansen er på veg med klatrarar. Det vil også bli sette inn redningshelikopter frå Florø. I tillegg er lokalt brannvesen på staden.

Fylkesvegen gjennom Tokagjelet