Hopp til innhold

Fallskjermulykke på Voss – mann trefte bakken i stor fart

Ein mann i 30-åra er alvorleg skadd etter ei fallskjermulykke på Bømoen.

Fallskjermulykke Voss

TREFTE GRASET I ENDEN AV RULLEBANEN: Her vert fallskjermhopparen teken hand om av redningspersonell.

Foto: Rune Haugseng

Politiet fekk melding om ulukka like før klokka 11. Fallskjermhopparen fekk problem i lufta, og skal ha treft bakken i stor fart.

Mannen vart køyrd med ambulanse til sjukehuset på Voss.

Helse Bergen skriv i ei pressemelding klokka 15.20 at mannen er alvorleg skadd.

Fleire vitne

Rune Haugseng var på Bømoen og såg det som skjedde:

– Fallskjermhopparen gjekk i spinn ganske høgt oppe. Det hele så først planlagt ut, men så mista han kontrollen.

Mannen skal ha treft graset i enden av rullebanen på flyplassen på Bømoen. Naudetatane var raskt på staden og køyrde den skadde hopparen vekk i ambulanse.

Skal granske ulukka

Ekstremsportveko vert no avvikla på Voss.

– Den skadde fallskjermhopparen deltok i arrangementet, men hoppet i dag var ikkje del av nokon av konkurransane, seier Arild Tvilde i Ekstremsportveko.

Fallskjermklubben på Voss skal no sjå nærmare på det som skjedde.