Hopp til innhold

Fall ut av sjukesenga og døydde

Ei 73 år gammal kvinne døydde etter at ho fall ut av senga ved medisinsk avdeling på Sentralsjukehuset i Førde. No rettar ektemannen beinhard kritikk mot Helse Førde.

Førde sentralsjukehus

DØYDDE ETTER FALL: Ei 73 år gammal kvinne døydde etter skadene ho fekk, då ho datt ut av senga på Førde sentralsjukehus. No rettar enkemannen kraftig kritikk mot Helse Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- Eg reagerer med sorg. Det er trasig at slikt skulle skje, seier Håkon Liseth.

75-åringen har blitt enkemann, etter at kona hans døydde i det fatale uhellet på Førde sentralsjukehus 12. september i år.

Sikra ikkje pasienten i senga

Den 73 år gamle kvinna frå Kalvåg hadde amputert begge beina over knea, og var ikkje sikra, då ho på eitt eller anna vis fall ut av senga på sentralsjukehuset. Ho døydde truleg av hjernebløding, etter at ho trefte eit nattbord i fallet. No er saka er meldt inn til pasientombodet og fylkeslegen.

Ektemannen er fortvila over at sjukehuset ikkje sikra kona hans betre - trass i at han fekk forsikringar om at ho skulle sikrast skikkeleg i senga.

- I det minste burde sengehesten ha vore oppe, så hadde ho iallfall dotte ned, seier Liseth.

Oppgitt over manglande informasjon

Han fekk dødsbodskapen klokka halv seks om morgonen, då han vart oppringd av ein lege. No er han oppgitt over den manglande informasjonen frå Helse Førde.

- Eg synest det er så dårleg som det kan vere. Fastlegen har ikkje fått eitt ord frå dei sist eg snakka med han, seier Liseth.

Han har no klaga saka inn for pasientombodet i Helse Førde.

- Ingenting tyder på grove feil

Etter at pasientombod Ove Mjåtveit byrja å engasjere seg i saka, valde Helse Førde å melde saka til fylkeslegen.

Men utan å ville gå i detaljar rundt det som skjedde, konkluderer fylkeslege Petter Øgar med at det ikkje vil bli reist tilsynssak mot Helse Førde i denne saka.

- Summen av dei opplysingane vi har, tyder på at det ikkje er gjort grove feil av Helse Førde. Vi har heller ikkje fått klage frå dei pårørande, seier Øgar.

Administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde ønskjer ikkje å kommentere saka.