Kvinna er no frakta med luftambulanse til Førde sentralsjukehus, og det skal ha vore meldt om brotskader.
Turfølgjet hennar, ei anna kvinne, sat att på fjellet, fordi helikopteret ikkje klarte å få ho med seg ned. Ei alpin redningsgruppe og ein lokal kjentmann kom seg opp til henne, og dei er no på veg ned til fots.
Det er snø i lufta og veldig kaldt i området, og kvinna som sat att på fjellet hadde kun på seg sommarlege turklede. Ho fekk klede og mat av hjelpemannskapa som henta ho ned.
– To jenter har vore på veg mot toppen, men har snudd på grunn av dårleg ver. På veg nedover har ei jenta falle 15-20 meter. Ho er skadd, er bevisst, men kan ikkje bevege seg, sa operasjonsleiar Wenke Hope i Vest politidistrikt, før helikopteret kom fram.
Luftambulanse, Røde Kors Hjelpekorps og politiet deltok i aksjonen.