Hopp til innhold

Hadde 6000 færre jobbovernattingar i januar

Færre overnatta på hotell i fylket i samband med jobben sin i januar. Det syner nye tal frå Statistisk sentralbyrå. Frå januar i fjor til januar i år er nedgangen nærare 30 prosent.

Hotellrom

SLIT MED YRKESOVERNATTINGAR: 6000 færre overnatta på hotella i fylket i samband med jobb o januar i år, samanlikna med førre år.

Foto: Illustrasjonsfoto / AP

– Det ser ut til at det er i Sogndal og kommunane rundt Sognefjorden som har størst nedgang, fortel Dagfinn Sve, seksjonssjef i transport, reiseliv og IKT i Statistisk sentralbyrå.

Tala syner at nær 6000 færre overnatta på hotell i fylket i samband med arbeid i januar i år, samanlikna med året før. Det er ein nedgang på nærare 30 prosent.

Vanskeleg å peike på klare årsaker

At færre gjer det i Sogn og Fjordane ser regiondirektør i NHO reiseliv mørkt på.

– Det er aldri kjekt å sjå slike tal svart på kvitt. Vi må sjå nærare på dei og samanlikne dei med tidlegare år. Når det gjeld yrkestrafikken så vil den variere alt etter kva som skjer i fylket, anleggsarbeid, vegarbeid og anna, seier regiondirektør, Wenche Salthella.

Ho understrekar også at 2013 var eit spesielt godt år for den type overnattingar, og at det difor kan gje ekstra store utslag for 2014.

– Ser vi tilbake så var statistikkane for 2013 det høgste det har vore på fleire år, så det kan vere litt urettferdig å samanlikne mot ei slik toppnotering, meiner Salthella.

Wenche Salthella

UROA: Regiondirektør i NHO, Wenche Salthella tolkar ikkje tala frå SSB som eit godt teikn.

Foto: NRK

Totalt var det 26 millionar overnattingar på hotell i januar 2014. Hotella i fylket har også ein nedgang i kapasitetsutnytting av rom og senger.

Må tenkje annleis for å kapre vintergjester

– Det er relativt lågare kapasitetsutnytting i Sogn og Fjordane enn i dei tre andre Vestlandsfylka, seier Sve.

Han legg til at store byar som Bergen og Stavanger slår høgt ut på statistikken, noko som gjer det vanskeleg å gje ei rettferdig samanlikning mellom Sogn og Fjordane med andre fylke.

NHO-direktøren er klar på at vinteren er ein tøff sesong for hotella.

– Det er mange land som konkurrerer om vinterturistane. Eg trur hotella må vere meir på hogget og vi må tilby dei opplevingane turistane ynskjer, seier Salthella.

Samstundes er ho glad for at kurs- og konferanseovernattingane ved hotella ser ut til å halde seg. For bransjen vil det også vere viktig å gå nærare inn i tala.

– Tala seier mykje om notid, historia, kva ein kan forvente seg framover og kva som må gjerast. Samla sett har distrikta tapt i høve flyplasshotell, verksemder sparar tid på å legge ting der. Og tid er pengar.