• Nyheter
  • Sport
  • Kultur
  • Humor
  • Distrikt

Nyheter

  • Nyhetssenter
  • Norge
  • Urix
  • Kultur
  • Livsstil
  • Viten
  • Dokumentar
  • Ytring
  • NRK Sápmi
  • NRK Kvensk

Sport

  • Sportsnyheter
  • Resultater
  • Sendeplan
  • Videoklipp

Distrikt

  • Agder
  • Innlandet
  • Møre og Romsdal
  • Nordland
  • Oslo og Viken
  • Rogaland
  • Troms og Finnmark
  • Trøndelag
  • Vestfold og Telemark
  • Vestland

Temasider

  • NRK Humor
  • NRK Mat
  • NRK Skole
  • NRKbeta

Info

  • Hjelp
  • Informasjon
Logg inn

Vestland

  • Snakk med oss
  • Vestlandsrevyen
  • P1 SF
  • P1 H

Færre brukar narkotika - men fleire

Sjølv om talet på ungdom som brukar narkotika i Sogn går ned, er det fleire som brukar stoff i stort omfang. Det visar ei undersøking som er gjort i kommunane Sogndal, Leikanger og Vik.

Publisert 25.08.2005, kl. 08.34
Del på Facebook Del på Facebook Del på Twitter Del på Twitter Del på epost Del på epost
Publisert 25.08.2005, kl. 08.34

Artikkelen er flere år gammel.

Del på Facebook Del på Facebook Del på Twitter Del på Twitter Del på epost Del på epost

Av:
Arve Uglum

Lensmann i Sogndal, Jan Tore Thue er ein av dei som står bak undersøkinga. Han seier han er bekymra for dei dette gjeld og familiane til deira.

- Dette er sjølvsagt noko vi tek innover oss og uroar oss over. Men dette må vi ta med oss, og rette ein ekstra innsats mot, seier Thue.

Åtte av 570

Det er snakk om små tal og store prosentar når ein reknar på narkotikabruk blant ungdom i Sogn. Av 570 skuleelevar frå åttande klasse og opp til andre klasse på vidaregåande, svarar åtte at dei brukar narkotika meir enn to gonger i månaden, mot fem i same undersøking i fjor.

Positiv tendens

Difor vel Thue å fokusera på dei positive sidene ved undersøkinga. Dei som viser at færre ungdommar brukar narkotika, alkohol og tobakk, og at fleire tek avstand til narkotika.

- Ja, eg tykkjer det er viktig å fokusera på den positive tendensen, nemleg at færre brukar narkotika. Og gleda oss over den flotte ungdommen vi har i regionen, seier han.

Rosar arbeidet

Også ordførar i Sogndal, Karen Marie Hjelmeseter, er mest oppteken av å rosa jobben kommunar, skular og politi gjer. Men ho registrer at talet ungdomar som faktisk har eit problem med narkotika er aukande.

- Det er berre nokre få som brukar det ofte, men det er klart at vi må sjå på dette problemet og kva som må gjerast, seier ho.

Må få hjelp

Lensmann Thue ser på desse brukarane som ei gruppa dei ikkje når fram til med vanleg førebyggingsarbeid, og som må nåast på andre måtar.

- Det er viktig både at politiet avdekkar denne type kriminalitet, og at dei som har blitt avhengige av narkotika får hjelp, seier han.

Publisert 25.08.2005, kl. 08.34
Del på Facebook Del på Facebook Del på Twitter Del på Twitter Del på epost Del på epost

Sogn

Lensmann Kristen Olav Grøttebø

Biltjuv fakka i Årdal

Modell av det planlagde hotellet på slakteritomta i Sogndal.

Cruisehamn gir nytt håp for hotell

Mer om: Sogn

NRK anbefaler

Kjøpte leilighet 600.000 over takst – mangler vann

Selger luksus-vaksineturer til turister: – Totalt overveldet av antall henvendelser

NRK Vestland

  • Telefon Bergen:  55 27 57 70
  • Telefon Førde:  57 72 42 42
  • E-post:  vestland@nrk.no
  • Distriktsredaktør:  Dyveke Buanes
Norsk Presseforbund, logo.

Vi arbeider etter
Vær Varsom-plakatens regler
for god presseskikk.

Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.


Nyhetstips 03030 Nyhetsbrev

Kontakt

  • Om NRK
  • Kontakt NRK
  • Lisens
  • Publikum i NRK
  • Delta i NRK-programmer
  • Jobb i NRK
  • Presse

Hjelp

  • Brukerstøtte
  • Tilgjengelighet
  • Personvern
  • Informasjonskapsler (cookies)

Tjenester

  • Yr
  • NRK Skole

Produksjon

  • Eksterne produksjoner
  • Produksjonsfolka
  • Retningslinjer og design

Salg

  • Spons og salg
  • NRK Butikken
Til toppen
NRK Opphavsrett NRK © 2021 Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen Nettsjef: Hildegunn Soldal