Hopp til innhold

– Eg sette meg 50.000 kroner som mål, men så rann det berre på

FØRDE (NRK): Innsamlingsaksjonar via Facebook er gull verdt for frivillige organisasjonar. Rasmus Mo (59) sette måndag i gong ei innsamling for båtflyktningar måndag og alt no har det kome inn nærare 150.000 kroner.

Rasmus Mo

NY TREND: Rasmus Mo har samla inn nær 150.000 til Dråpen i Havet gjennom Facebook. Det er ein trend som mange har kasta seg på.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg sette meg 50.000 kroner som mål, men så rann det berre på. No har eg flytta målet opp til 150.000 kroner, seier Rasmus Mo, som til dagleg er omdømmeleiar og speaker for Sogndal Fotball.

Rundt lunsjtider onsdag hadde han fått samla inn i overkant av 140.000 kroner, frå rett over 400 givarar. Pengane vert samla inn gjennom Facebook til organisasjonen «Dråpen i Havet» og skal uavkorta gå til å hjelpa båtflyktningar som har tatt den farlege turen over Middelhavet til Hellas.

Det var Sogn Avis som omtalte innsamlingsaksjonen til Mo først.

Etter at Facebook lanserte mogelegheita for at privatpersonar kan starte sine eigne innsamlingsaksjonar i fjor har mange gått i same fotspor.

Nytt, men effektivt

Nina Elisabeth Larsen

Nina Larsen, marknadsansvarleg i Røde Kors.

Foto: Olav A./Røde Kors SALTBONES, SALTBONES; Olav A./Røde Kors

Trenden med innsamlingsaksjonar gjennom Facebook er ikkje ny, men det var i fjor vår at Facebook lanserte ein enklare måte for privatpersonar å sette opp sine eigne innsamlingar.

– Eg lærte meg enkelt korleis eg sette opp innsamlingsaksjonen, det var veldig enkelt, seier Mo.

Og at det er enkelt for privatpersonar har organisasjonar som Dråpen i Havet og Røde Kors merka.

Trude Jacobsen, Dråpen i Havet

AUKE: Generalsekretær i Dråpen i Havet, Trude Jacobsen, er positiv til at fleire kan samla inn pengar til organisasjonar og lag gjennom Facebook.

Foto: Privat

– Det er ganske nytt for oss, men vi har merka at det er stadig fleire som nyttar det og det er ein effektiv måte å samle inn pengar på. Og vi trur at mange fleire vil kasta seg på trenden på sikt, seier Nina Larsen, marknadsansvarleg i Røde Kors.

For tida har dei ti pågåande innsamlingsaksjonar som er starta av privatpersonar.

– Denne typen innsamlingar har blitt viktige for oss. Det er ein enkel måte og innsamlarane slepp å handtera pengane på sin eigen konto. Dei kjem rett til oss og eg trur dette vert vår viktigaste inntektskjelde på sikt, seier Trude Jacobsen, generalsekretær i Dråpen i Havet.

Reiser neste veke

Rasmus Mo er godt på veg mot målet om å samla inn 150.000 kroner og alt i neste veke reiser han nedover til Athen for å hjelpa flyktningane. Kostnaden med reise og opphald betalar han frå eiga lomme.

– Alle pengane som kjem inn i innsamlingsaksjonen vil bli brukt på flyktningane og dei skal bli brukt der nede slik at dei lokale næringsdrivande tener på det. Vi kjem til å handla inn klede, leikar til barna og nokre tilfelle klede, seier Mo.