Oppdrettsfisk. (Foto: NRK)
For å kunna konkurrere på den internasjonale marknaden held det ikkje lenger å produsere fisk billeg og effektivt.
Livskvalitet
Det blir óg viktig å vite at fisken har det bra medan han enno kan symje.
- Livskvalitet er ein del av kvalitetsomgrepet som har fått auka fokus, og som forbrukarane generelt er opptekne av, meiner Jon Erik Juell ved Havforskningsinstituttet.
Ifølgje han har bransjen eit arbeid å gjere på dette feltet.
- Det er mykje som tyder på at stoda ikkje er så bra som den kunne vore. Vi har ganske store utfordringar med å få bukt med ein del av problema som er knytta til dømes til deformitetar, forklarer han.
Treng betre metodar
No ynskjer Juel å lære oppdrettarane meir om korleis fisken har det, og kva dei kan gjere for å betre tilhøva.
- Vi treng betre metodar enn dei vi har i dag, fastslår han.