Politiet i Sogn og Fjordane sende i førre veke ut arrestordre på dei to mennene i 20-åra. Dei to er mistenkte etter eit tjuveri på Eid, der dei fekk med seg smykker for nær ein halv million kroner, og for å ha stole datautstyr i Leikanger. Dei to mennene kjem frå Estland.
- Nokon konkrete funn som knyter dei til hendingane er endå ikkje gjort, seier lensmann på Eid, Webjørn Moa. Mistanken byggjer på observasjonar og elektroniske spor.