Hopp til innhold

Eldre mann rana i sin eigen heim

Politiet i Høyanger og Balestrand etterforskar eit brutalt ran av ein eldre mann. Tjuvar braut seg inn i huset og mannen vart skadd i hendinga.

Tjuveri frå bustad, Balestrand

BRUTALT RAN: Politiet har sett inn store ressursar for å løyse saka der ein eldre mann vart brutalt rana i helga.

Foto: Robert Jan Leerink

Mannen i midten av 70-åra skal ha blitt slegen med ein gjenstand og var til legeundersøking etterpå.

Ranet blei oppdaga då heimesjukepleien skulle besøke ein klient søndag føremiddag og fann eit glasfelt i døra knust. Den eldre mannen bur åleine i huset i utkanten av Balestrand.

– Gjerningspersonane har vore brutale med mannen, men han skal ikkje vere alvorleg skadd. Han er truleg slegen med ei stong eller liknande, seier lensmann Atle Førde.

Etterforskar for fullt

Innbrotstjuvane skal ha brote seg inn i huset i løpet av laurdagskvelden eller natt til søndag. Både i går og i dag har politiet vore på staden.

– Etterforskinga er starta og vi har bra med ressursar til å følgje saka vidare. Vi jobbar både teknisk og taktisk med denne saka og ser etter spor som kan hjelpe oss.

Førde seier det førebels er uvisst kor mange personar som har vore inne i huset.

– Mannen har ikkje klart å gjort greie for det.

Ber om tips

Det er stole pengar, men lensmannen vil ikkje seie kor mykje det er snakk om. No ber han om tips i saka.

– Vi er interessert i tips og opplysningar om kan vere av interesse for politiet. Vi oppmodar dei som veit noko om å ta kontakt, seier han.

Politiet er interessert i opplysningar frå alle vitne som kan ha observert noko i området i tida frå laurdag kveld kl 2300 til søndag føremiddag ca kl 1100. Dei som har opplysningar i saka, kan kontakte politiet på tlf 02800.