Forfattar og journalist Erling Lægreid var i NRK frå 1970 til han gjekk av med pensjon i 2009.
Lægreid vart fødd 5. september 1939, og voks opp på Årsdalstangen i Sogn og Fjordane. Han jobba mellom anna i Barne- og ungdomsavdelinga og var programleiar i Ungdommens radioavis, Flimra og Søndagsavisa. Han var med på å etablere radioprogramma Ekko og Dagsnytt 18.
– Han køyrde sitt eige løp og ga blaffen i om folk likte det eller ikkje. Han var ein vestlending av det robuste slaget, seier Åsulv Edland, som jobba saman med Lægreid sidan 70-talet.
LES OM LÆGREID I FYLKESLEKSIKONET
Han døydde brått og uventa fredag morgon. Erling Lægreid vart 72 år gammal.