Erling Lægreid

Erling Lægreid. Foto: Erlend Blaalid Oldeide, NRK.

Erling Lægreid. Foto: Erlend Blaalid Oldeide, NRK.

Erling Lægreid (1939-2011) frå Årdalstangen. Cand. phil. Radiojournalist, kåsør og forfattar.

Busett i Oslo og tilsett i NRK, der han m.a. har arbeidd i Ungdomsavdelinga i radio, Dagsnytt og Søndagsavisen.

Forfattar av bøkene "Då Noreg gjekk av skaftet" (Samlaget), "Bak maska - utidige kommentarar i rett tid " (Samlaget) - ei samling radiokåseri og ”Nærgåande skisser” - ei bok med 40 miniportrett.

Lægreid har elles vore medforfattar til ei rad bøker m.a. «Slik greidde vi oss - daglegliv under krigen» (Samlaget) og «Årdal, verket og bygda 1947-1997».