Hopp til innhold

Mann erkjente to nye forhold under avhøyr - ber om brev- og besøksforbod

Den utanlandske statsborgaren erkjende i avhøyr dei to forholda politiet har sikta han for, samt at to andre forhold. No ber politiet om brev- og besøksforbod i to veker.

Politførstebetjent Kjell Magne Barsnes og beslag gjort i Florø

HAR ERKJENT: Den utanlandske statsborgaren har erkjent dei forholda han er sikta for. I tillegg har han forklart seg om to andre forhold også, seier politiførstebetjent Kjell Magne Barsnes.

Foto: Fotomontasje

Politiet har bedd om å få varetektsfengsle mannen i fire veker, to av dei med brev- og besøksforbod.

– Vi treng ro til å jobbe med sakene vidare. Det er mange forhold vi mistenkjer at vi kan knytte han opp mot, og det treng vi å få oversikt over, seier politiførstebetjent Kjell Magne Barsnes.

Politiet er difor redde for at mannen kan øydeleggje bevis ved å ta kontakt med andre som har vore med på brotsverka, mellom anna folk i Polen.

– Difor ønskjer vi brev- og besøkskontroll dei to første vekene, seier Barsnes.

Fann mykje rart i bilen

I byrjinga av september vart ein varebil registrert på mannen stogga på grensa med store mengder tjuvegods.

– Vi fann diverse verktøy, fleire mobiltelefonar, fleire musikkanlegg, fleire fiskestenger og nøklar. I tillegg har vi gjort beslag av det vi meiner er smuglarsprit og sigarettar, samt anabole steroid, seier Barsnes.

Ballen byrja å rulle då ein norskregistrert bil, registrert på den pågripne mannen, vart stogga på veg inn i Polen med elektrisk verktøy, ein motorsykkel, grasklippar, fem påhengsmotorar og mykje elektrisk verktøy.

Barsnes seier dei har eit godt samarbeid med polsk politi. Mannen var ikkje sjølv med i bilen.

– Det elektriske verktøyet har vi spora attende ti Kystmuseet i Florø. Resten har vi ikkje fått spora, men vi har stort håp om å kunne knyte påhengsmotorane og motorsykkelen til konkrete tjuveri i området, seier Barsnes.

Vart avhøyrt torsdag

– Mannen vart avhøyrd torsdag ettermiddag. Etter å ha blitt kjent med saksdokumenta så langt, så erkjende han dei forholda som han no er sikta for, seier Barsnes.

Mannen har i tillegg forklart seg om to andre forhold.

– Mellom anna eit i Svelgen og eit på Fagernes, seier Barsnes.

Politiet har difor langt på veg fått stadfesta mistankane om at mannen har operert som mobil vinningskriminell med base i Florø.

Mannen kom til Norge i desember 2011.

– Han har hatt arbeid her sidan desember 2011. Han er her som framandarbeidar, og jobbar her i periodar, seier Barsnes.

Viktig at det går an å føre bevis

Kor langt tilbake i tid mannen har operert, kjenner ikkje Barsnes til.

– Vi må konsentrere oss om dei sakene som er melde den siste tida, for det er dei vi har håp om å føre bevis for. I samarbeid med polsk politi kan vi prøve å få til ransaking, eventuelt søkje opp noko av tjuvegodset i Polen, men det er det vanskeleg å gjere bakover i tid, då slikt lett vert omsett, seier Barsnes.

Han kjenner ikkje til om det er fleire som er pågripne i saka.

– Eg har ikkje fått svar frå politiet i Polen om dei to som vart stoppa på grensa, er pågripne og varetektsfengsla der nede. Her i Norge er det berre ein mann som er pågripen, seier Barsnes.

Han understrekar at mannen er sjekka ut av tjuveria i Sogndal og på Skei siste veka.

– Han har ikkje hatt moglegheit på dei tidspunkta dette har blitt gjort, i tillegg til at han ikkje har noko tjuvegods frå desse tjuveria, seier Barsnes.