Hopp til innhold

Eras Metal AS får starte opp att

SFT avdekka i februar ulovleg høge utslepp av kvikksølv. No er reinseanlegg på plass og verksemda får starte opp att.

Eras Metall i Høyanger.
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Statens forureiningstilsyn (SFT) opprettheld dei strenge krava til utslepp av kvikksølv ved Eras Metal AS i Høyanger.

Under ein inspeksjon i februar i år avdekka SFT sine målerapportar av verksemda i Høyanger hadde ulovleg høge utslepp av kvikksølv.

Verksemda kan ha slept ut så mykje som 50 gonger meir kvikksølv enn det dei hadde løyve til og vart stengt på dagen.

Krav om reinseanlegg

Det vart sett krav om at Eras Metal måtte stogge utsleppa umiddelbart, og verksemda fekk ikkje drive vidare før reinseanlegg var på plass.

Tidlegare har formannskapet i Høyanger sagt at føresetnaden for at Eras Metal skal få starte opp att er at verksemda til ei kvar tid kan dokumentere at drifta er forsvarleg og held seg innan utsleppsløyvet.

No er reinseanlegget installert og verksemda får klarsignal frå SFT til å starte opp att.

Kontinuerlege målingar

Ifølgje SFT må verksemda måle utslepp av kvikksølv til luft kontinuerleg. I fjor hadde Eras Metal ulovleg høge utslepp.

SFT ser svært alvorleg på at verksemda ikkje hadde rapportert om utsleppa, som var grove brot på løyve. Og seier dei vil følgje verksemda tett med nye kontrollar.

Og ifølgje SFT vert det framleis vurdert å melde utsleppet til politiet . Det har allereie .

Les og