Hopp til innhold

- Blir framstilt som ein kvikksølvpøl

No vil Høyangerordføraren undersøkje blodet hos personar som ikkje bur eller arbeider i Høyanger for å samanlikne det med dei som bur der.

Folkemøte om Eras Metal i Høyanger.
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Vi prøver å skape eit godt omdømme. Det er vanskeleg når media framstiller det som at kvikksølv-utleppet kan gjere folk sjuke.

Det seier ordførar Kjartan Longva (Ap).

- Ikkje livsfarleg å puste

Ordførar i Høyanger Kjartan Longva
Foto: Steinar Lote / NRK

No vil Longva undersøke kvikksølv-innhaldet i blodet hos personar som ikkje bur eller arbeider i Høyanger for å samanlikne verdiane med dei som bur der.

- Det kan ikkje bli sånn at folk trur det er livsfarleg å puste i Høyanger.

Ufarlege utslepp

På folkemøtet kom det fram at sjølv om Eras Metall har brote utsleppskrava for kvikksølv, er det ufarlege verdiar av kvikksølv som er målt i industribygda .

Verdiane ligg langt under det som Verdens helseorganisasjon WHO har sett.

- Må ikkje bli hysteriske

Men Longva vil ikkje vere med på at han bagatelliserer brota Eras har hatt på utsleppskrava.

- Vi skal passe på slik at Eras Metall held seg innanfor dei grensene dei har fått, lover Longva.

- Men vi må ikkje bli heilt hysteriske og tru vi er i livsfare.