Dei siste dagane har vore prega av regn og låge temperaturar fleire stadar i landet.
I dag ser det ut som mange får ein pause.
Men allereie fredag er ruskevêret tilbake, skal me tru statsmeterolog Lars Andreas Selberg.
Han kan ikkje love når den verkelege godsommaren kjem.
Den neste veka blir prega av eit lågtrykk frå kysten sør for Stadt og heilt opp til Troms.
Temperaturen vil ligge på 10 til 15 grader, men det vil ikkje vere dei aller største nedbørsmengdene.
Opplett vil ein oppleve aust i Finnmark.
Sør- og austlendingar vil få ein smak av sommar, men gradestokken vil ikkje gå mykje over 20 grader.
– Som vestlending er det absolutt sommar for meg, seier statsmeteorologen.
Statsmeteorolog Lars Andreas Selberg kan ikkje svare på når den verkelege sommaren kjem.
Foto: Meterologisk instiutt/skjermdump TwitterIkkje mykje som minner om juli
Og om ein tar ein tur rundt i landet er det vanskeleg å finne spor av sommaren.
«Verst» er det kanskje på 1800 meter i Jotunheimen.
Onsdag ettermiddag var det snø i lufta, ni sekundmeter med vind og rundt ein til to varmegrader.
For å vere juli er det ikkje uvanleg med ein og annan dag som er slik.
– Men så stabilt dårleg vær som det har vore hittil i sommar, er det lenge sidan vi har hatt, fortel eigar av Juvasshytta, Silje Vole.
Vole melder at sjølv om vêret er langt frå det ein ventar seg i juli, er det nok av dei som tar turen frå hytta og opp på Galdhøpiggen.
Sjølv i snø og skodde onsdag ettermiddag, tok folk turen opp Noregs tak.
Foto: Marie Asdal/privatSame om det er regn eller sol
Vest i landet i Førde er Linn Elina Skjerven på jobb som trafikkdirigent.
Det har ho vore store delen av onsdagen, i eit ausande regnvêr.
– Og det funkar akkurat sånn passeleg, seier ho med ein latter.
Heldigvis er ho kledd i godt regntøy. For ho er det litt det same om det regnar eller er sol.
– Enten er det for kaldt, eller så er det for varmt, seier ho, medan ho vinkar fram neste bil.
Langs kysten er det venta overskya vêr, men så mykje regn er det ikkje vente den neste veka.
Foto: Kasper Valestrand/NRKIngen høgtrykk i vente.
I Arendal har Jarle I. Kvam vore på tur ute i byen.
Men heller ikkje på den norske solkysten var sommaren å finne.
Sola har vore framme og det har blåst litt, men den store varmen har det ikkje vore.
– Om ein då ikkje funne seg ein lun plass i sola, fortel han.
Og statsmeteorolog Lars Andreas Selberg, kan på ingen måte love når varmen kjem tilbake.
– Eg klarar ikkje å sjå antydningar til eit skikkeleg høgtrykk, seier han.
Sola var framme i Arendal i dag. Men varmt var det ikkje.
Foto: Jarle I. Kvam/privat