Hopp til innhold

- Må gje sjukehus til humanitære organisasjonar

Ekspert meiner Helse Førde må gje sjukehuset i Nordfjord gratis vekk om dei vel å leggje det ned.

Gavebrev til Nordfjord sjukehus

Den styrtrike amerikanaren William H. Singer stilte opp med 100.000 for redde Nordfjord sjukehus tilbake i 1950. No meiner ein ekspert at dette gåvebrevet er gjeldande den dag i dag.

- Dersom Nordfjord sjukehus blir lagt ned, er Helse Førde forplikta til å overdra bygget og det medisinske utstyret vederlagsfritt til ein humanitær organisasjon som vil yte helsetenester, seie førsteamanuensis Hilde Hauge ved Universitet i Bergen.

Gåvebrev frå 1950

William H Singer

Den styrtrike amerikanaren William H. Singer delte ut pengar til sjukehuset i Nordfjord

Foto: Ottar Starheim / NRK
Nordfjord sjukehus

Nordfjord sjukehus

Foto: Ottar Starheim / NRK
Folkemøte om Nordfjord sjukehus

Det er eit stort engasjement i Nordfjord for å sikre at sjukehuset vert verande i Eid.

Foto: Mathias Oppedal

Ho viser til eit tinglyst gåvebrev frå 1950, då stiftinga Norfjord sjukehus gav sjukehuset til fylkeskommunen.

Styret i Helse Førde har føreslått å leggje ned Nordfjord sjukehus og gjere det om til distriksmedisisnk senter.

Men dette kan vere i strid med eit tinglyst gåvebrev frå 1950, i samband med at stiftinga Nordfjord sjukehus vart overteke av Sogn og Fjordane fylkeskommune. I brevet står det mellom anna.

Forpliktar

I og med at Nordfjord sjukehus vart overtatt av staten ved Helse Førde i 2001, er det Helse Førde, og ikkje fylkeskommunen som blir forplikta av gåvebrevet, meiner Hauge.

Det vekte sterk harme i Nordfjord, då sju at ti ordførarar frå regionen på byrjinga av 1930-talet støtta planane om eit stort sentralsjukehus i Florø.

Det vart starta ei folkerørsle i Nordfjord for å etablere eit eige sjukehus, og då den styrtrike amerikanaren William H. Singer stilte opp med 100.000, var saka klar.

Millionær ordna opp

Nordfjord sjukehus med 40 senger vart teke i bruke i 1936. Då sjukehuset kom i fylkeskommunen sine hender vart brevet skrive.

I brevet står det mellom anna:

«Skulle sykehusets drift i fremtiden måtte legges ned av hensyn til rasjonell og betre sykebetjening innen fylket, er rfylkeskommunen forpliktet til å nytte eiendommen i avdøde Willaim H. Singers og hustru Anna B. Singers ånd, til bedring av forholdene i distriktet, såvidt mulig til formål av humanitær art»

Vidare heiter det at:

«For å treffe beslutning om nedleggelse av nedleggelse til annet formål, skal det undersøkes om Røde Kors, Norske kvinners sanitetsforening eller lignende institusjoner er villige til å overta den fremtidige frift av sykehuset som sådan.»