Er det på tide å friskmelde Førde?
– Ja, meiner ordføraren.
– Nei. Pasienten er ikkje i toppform, meiner mannen bak bileta for 25 år sidan.
På slutten av 80-talet fekk Førde gjennomgå etter notar i ein bygdereportasje i Bergens Tidende. Det sette i gang ein debatt som har vart i 25 år, og igjen og igjen har Førde blitt kåra, noko uoffisielt, til den styggaste byen i Noreg.
- LES OGSÅ: Er Førde framleis styggast
«Verst av alle er Førde»
I reportasjen om bygdebyane i Sogn og Fjordane i Bergens Tidende 16. juli 1988 var det ikkje berre Førde som fekk gjennomgå. Slik byrja reportasjen:
«Mange bygdebyar i Sogn og Fjordane er så smaklause at du kan lure på om det ein stad finst eit kontor, inst i ein lang dunkel korridor, bak grå, massive murveggar, der dei arbeider dag og natt for å setje smakløysa i system».
Slik startar Jan Nyberg, mannen bak reportasjen. Og han held fram:
«Verst av alle er kanskje Førde. Meir enn ei bygd er Førde i dag ein sosialdemokratisk fiksjon, skapt over tanken om at tinga er alle menneskes mål, meir enn at alle tings mål er menneske. Har du pengar skal du ikkje mangle nokon ting i Førde.»
Denne reportasjen sette standarden. Han gav Førde eit stempel som byen har kjempa mot i 26 år.
Høyr Jan Nyberg lese sin eigen reportasje:
Mykje har skjedd
Seinast i 2007 vart Førde kåra av Dagens Næringsliv sine lesarar til nettopp Noregs styggaste by.
Sidan den gongen har mykje skjedd. Nytt rådhus, nytt museum, ein open park mot elva og lange skritt i retninga av å bli den store sykkelbyen i fylket.
Fotograf Oddleiv Apneseth tok bileta den gongen i Bergens Tidende sin reportasje. Mannen med kamera ser teikn til betring.
– Det positive som har skjedd i Førde er jo at dei har opna seg mot elva, og gjort veldig mykje fint arbeid langs elva. Dei har fått ei veldig viktig opning mot elva akkurat under det nye rådhuset. Derfrå kan ein bevege seg både austover og vestover, seier Apneseth.
Også mannen med den skarpe pennen meiner det har vorte betre.
– Dette vart skrive for 26 år sidan, og det var ein heilt annan situasjon den gongen. Førde har vorte vesentleg mykje betre. Ikkje minst har Førde tilnærma seg elva på ein langt betre måte enn den gongen, seier Nyberg
Var Førde berre den stygge andeungen som no er blitt ein vakker svane?
(Artikkelen held fram under biletet)
På vandring gjennom åra
På vandring med fotograf Apneseth gjennom det som er best kjent som Førde sørside, mellom det smørgule Førde Varehus, Statoil og ei rekkje andre meir eller mindre grå firkantar med vindauge på. Og framleis, på lik linje med den gongen BT-reportasjen blei laga, ein stor parkeringsplass.
– Her har det nesten ikkje skjedd noko på dei åra. Det har jo stått stille, sett vekk ifrå at det har vorte litt grønare, og det har kome ein ladestasjon for elektriske bilar.
Vidare vestover langs elva. Over brua inn til det som er Førde sentrum, der riksveg fem går midt mellom to store butikksenter: Førde Torg og Handelshuset.
– Eg meiner at det å bevege seg mellom desse handelssentera er ein kamp mot bilane, det er å stå å vente på lys, det er brutalt, og det er for lite grønt, seier Apneseth.
Så: Er Førde frisk?
Førde har endra seg på 25 år. Men er det på tide å friskmelde den smaklause, sosialdemokratiske fiksjonen?
Først er det ordførar Grotle (H) sin tur:
– Førde har delvis, om kanskje ikkje heilt, kvitta seg med stempelet. Ja, eg har no villa friskmelde Førde for lenge sidan, eg.
Og så fotografen frå den gongen byen vart slakta; Oddleiv Apneseth:
– Ja, ein kan godt friskmelde Førde på den måten. Eg vil no ikkje seie at pasienten akkurat er i toppform og lytefri. Slik er det ikkje. Men å kalle Førde Noregs styggaste by var i si tid å sette ting veldig på spissen.
Og til slutt, mannen som skreiv dei berømte orda om Førde for 26 år sidan, Jan Nyberg:
– Ja og nei, altså ... Det er jo, hehe. Nei, altså, eg har jo ikkje noko i mot Førde. Det er mange som trur at eg er Førde-hatar, men det er eg absolutt ikkje. Eg hadde nok kanskje ikkje nytta dei same uttrykka i dag som eg gjorde den gongen, seier han.
Hårete mål
Det ser ikkje ut som reportasjen for 26 år sidan har utspelt si fulle rolle enno.
– På sett og vis kan du seie at denne artikkelen som litt urettferdig kåra oss til den styggaste byen gav oss det incitamentet vi trengde til å gjere noko med estetikk, seier ordførar Olve Grotle (H).
Han meiner Førde har kome langt, men vil ikkje slå seg til ro.
– Det er ingen tvil om at Førde, spesielt dei siste åra, har teke grep. Men vi er ikkje ferdige. Arbeidet skal halde fram, og målet vårt er at vi rett og slett skal verte ein av dei vakraste byane, seier ein ambisiøs ordførar.