Hopp til innhold

Lagar bacheloroppgåve om Førde - framleis Norges styggaste by?

Førde vart i si tid kalla «Norges styggaste by». Med dette som utgangspunkt er Ivar Nesheim i gang med ei bacheloroppgåve.

Ivar Nesheim ved Firda Billag

VED EITT AV SYMBOLA: Ivar Nesheim filmar m.a. Firda Billag.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Ivar Nesheim er fødd og oppvaksen i Førde og var ein liten pjokk då BT-journalist Jan Nyberg i 1988 første gongen lanserte heimstaden hans som den styggaste av alle stygge bygdebyar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ivar Nesheim

SKRIV OPPGÅVE OM HEIMSTADEN: Ivar Nesheim.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

«Smakløyse sett i system»

«Smakløyse sett i system» var ein av karakteristikkane til Nyberg i ein artikkelserie sommaren 1988. Og det var ikkje berre Førde som fekk unngjelde.

«Mange bygdebyar er så smaklause at du kan lure på om det ein stad finst eit kontor inst inne i ein lang, dunkel korridor, bak grå, massive murveggar, der dei arbeider dag og natt for å setje smakløysa i system», skreiv Nyberg.

Skjorareir, bygde-kitch, prærielandsby, spøkelsesbygder, sildolje i pastell var blant karakteristikkane Nyberg brukte om Eid, Måløy, Stryn, Sogndal og, verst av alle Førde, styggaste tettstaden på jord.

Dokumentarfilm

No blir dette eit tema i bacheloroppgåva til Ivar Nesheim. Han skal og lage ein dokumentarfilm om temaet. Og han tek mellom anna utgangspunkt i rutebilstasjonen - Firda Billag, ein av dei mange firkanta bygningane som vart reiste då Førde tok til å vekse.

  • Kva meiner du? Er fylkets største stad framleis den styggaste byen i Norge? Ta debatten i kommentarfeltet under saka.

– Firda Billag er heilt fantastisk, og så ser vi rett mot Domus, det er nesten religiøst kor bra det er, ein murkloss som er sjølve essensen av heile arkitektstilen i Førde. Ein kompis av meg sa at den vart til ved at politikarane sleppte ein kloss ned frå himmelen og øydela det som før heitte Stjerneplassen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Coop Mega i Førde

SYMBOL: Domus, som no heiter Coop Mega, er for mange eit symbol på den utskjelte arkitektoniske utviklinga i Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Domus fantastisk kult

– Men bygningen er eit typisk produkt av 1970-talet. Og når vi ser Domus herifrå så ser det heilt fantastisk kult ut, korleis sola skin på den fine grå steinen.

– Du skal i tida framover gå rundt i Førde og filme, kva er det du er ute etter?

– Eg vil prøve å få den visuelle essensen av Førde, eg har alt vore ute og filma ein del av dei som bur i Førde for å finne ut kven som ynskjer å bu i det som skal vere Norges minst pene by, ein status eg er uenig i.

Og når han snakkar med folk får han svært ulike meiningar om Førde og om det er stygt eller ikkje.

– Det er ikkje noko matematisk med det, her kan du ikkje seie at ein pluss ein er to. Medan eg likar Domus er det andre som synest det er heilt forferdeleg. Eg kallar alle Coop-bygga for Domus sjølv om Coop har døypt dei om.

– Bacheloroppgåva di skal munne ut i ein dokumentarfilm på 15-20 minutt. Er dette noko du kan bruke etterpå?

Ja, det håpar eg. Eg kan bruke den til å kome inn i arbeidslivet, og kanskje NRK vil vise den? Eg skal prøve å lage ein film som viser at Førde slett ikkje er Norges styggaste by. No er det bygging overalt, så kanskje byen får ein skikkeleg facelift.

(Artikkelen held fram under biletet)

Førde Torg

STYGGAST I LANDET? I Førde har handelshusa, her Førde Torg, fått dominerande plass.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Ikkje respekt for tradisjonen

Då journalist Jan Nyberg tok føre seg tettstadene på Vestlandet i 1988 var det fordi han hadde fått innspel frå mange arkitektar på at deira fagområde vart overstyrt av utbyggarar og entreprenørar og at det gjekk ut over det visuelle inntrykket.

– Mi hovudinnvending var at mange kommunar ikkje hadde respekt for tradisjonen sin, dei hadde manglande respekt for eldre bygningsmiljø og for korleis dei tenkte småbyplanlegging i eldre tid.

– Det finst rett nok unnatak, som Lærdal og Vik, der det var eit arkitektmiljø gjennom familiane Lindstrøm og Vikøren, også Nordfjordeid kan nemnast. Der ser vi at dei har vore flinkare til å ta vare på det gamle bygningsmiljøet.

Jan Nyberg

MANNEN BAK STATUSEN: Jan Nyberg.

Foto: Helge Johnsen

– Eg allierte meg med dåverande overarkitekt Anker Ryhl i Sogn og Fjordane fylkeskommune, og det kom faktisk noko godt ut av det. Fram til 2006 vart det brukt 40 millionar kroner på tettstadutvikling i fylket.

– Framgang, men minst i Førde

– Men det er eit faktum at den staden som fekk den hardaste kritikken, altså Førde, var den der det vart brukt relativt minst på tettstadutvikling. Og det viser igjen. Medan det har kome seg ein god del på stader som Lærdal, Luster, Stryn og Måløy så ser eg mindre framgang i Førde.

– Ja, er Førde ein like stygg stad i dag som i 1988?

– Nei, det vil eg ikkje seie. Men det er enno ikkje teke radikale grep, det har berre vore klattvis utbygging, men sentrum i Førde er i dag eit betre sentrum enn for 25 år sidan.

– Berre det at det blir ei fortetting og at det blir bustader i sentrum i større grad har litt å seie. Det å få ein miks av næring og bustader er heilt avgjerande for å få gode sentrumsmiljø også i småbyar.

Førde sett frå fjelltur til Eikåsnipa

VAKKERT PÅ AVSTAND: Førde sett frå ein tur til Eikåsnipa.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK