Hopp til innhold

Kutt i studiestøtta gjer det dyrare å reisa på utveksling

Staten sparer 119 millionar kroner i året på kutt i studiestøtta. Medisinstudent Amir trur det betyr færre utanlandsstudentar.

Amir i Gdansk

I POLEN: Amir Suljevic tek heile utdanninga si i Polen. For dei som kjem etter han kan det bli dyrt både med korte og lange opphald.

Foto: Privat / Privat

Når Amir Suljevic er ferdig med å studera medisin i Gdansk, vil gjelda hans vera høgare enn planlagt.

Det gjeld også mange av dei som vil reisa på utveksling til hausten.

Grunnen til at gjelda blir høgare er at reglane for kor mykje studentar i utlandet får som stipend, og kor mykje dei får som lån, er endra.

– Mykje større byrde

Før vart mellom 50 og 70 prosent av skulepengar opp til 72.000 kroner dekka, men frå hausten går det ned til 40 prosent.

– Økonomisk kjem eg til å ha ein mykje større byrde enn eg allereie har, når eg er ferdig utdanna og må betala tilbake lånet mitt, seier Suljevic.

Ved mange av studieinstitusjonane nærmar det seg søknadsfrist for dei som vil på utveksling til hausten.

Amir Suljevic, medisinstudent i Gdansk

Amir Suljevic trur det betyr færre utanlandsstudentar.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Fristane varierer frå institusjon til institusjon, men hjå mange er det rundt 1. februar.

Når NRK møter Benedicte Carlsen, viserektor for forsking og internasjonale relasjonar på Universitetet i Bergen (UiB), er det like før «kickoff» for internasjonal veke.

Ho fryktar at færre vil reisa på utveksling på grunn av endringa.

– Det er sannsynleg når finansieringa blir dårlegare.

– Det er for dyrt

Attaullah Kakar har valt å studera samfunnsøkonomi heime i Noreg, men eitt semester i utlandet freistar.

Attauhlla Kakar

Attauhlla Kakar trur det blir for dyrt for han å reisa på utveksling.

Foto: NRK / NRK

– Eg ville gjerne ha gjort det, men eg syns det er for dyrt, seier Kakar.

Han trur han kjem til å halda seg heime.

Studiekompisen Martin Solheim har òg fått med seg endringa. Han trur likevel han vil ta eit semester utanlands.

– Eg trur ikkje eg kjem til å la vera på grunn av denne endringa, men eg syns det er ganske trist at dei gjer det vanskelegare for folk å reisa på utveksling, seier Solheim.

Martin Solheim

Martin Solheim trur han vil reisa på utveksling sjølv om det kan bli dyrare.

Foto: NRK / NRK

Carlsen ved UiB ser for seg at det vil bli ei endring i kva land studentane søker seg til.

Ho trur fleire vil søka seg til EU-land og land der universitetet har spesielle avtalar med unntak frå skulepengar.

– Det er veldig viktig med det internasjonale for eit universitet som oss. Me har mykje å læra av at studentane våre reiser rundt i verda og kjem heim med ein annan kompetanse, seier ho.

Anna Handal Hellesnes er president for ANSA, foreininga for norske studentar i utlandet. Ho fortel om reaksjonar frå både studentar og foreldre.

– Me har blitt kontakta av fleire som allereie er på smertegrensa over kva økonomiske byrder dei kan ta på seg for utdanning i utlandet.

Anna Handal Hellesnes, president i ANSA - Association of Norwegian Students Abroad - Samskipnaden for norske studenter i utlandet

Anna Handal Hellesnes, president i ANSA, fortel om reaksjonar frå både studentar og foreldre.

Foto: ANSA

– Ikkje urimeleg

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Oddmund Løkensgard Hoel, seier til NRK at han ikkje trur færre vil studere i utlandet framover.

– Me har framleis svært gode støtteordningar for dei som vil reisa ut, og støttesummen er den same som før, seier han.

I tillegg viser han til at det er mange studiestadar, særleg i Europa, der ein ikkje må betala for studieplassen. Han meiner derfor det er gode moglegheiter for å ta eit studieopphald i utlandet, uavhengig av foreldre sin økonomi.

Oddmund Løkensgard Hoel

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Oddmund Løkensgard Hoel.

Foto: Ragne B. Lysaker

– Men om du vel å reisa til ein studiestad med høge skulepengar er det i så fall eit val du gjer sjølv, og då er det ikkje urimeleg at du tek litt meir av rekninga.

Staten reknar med å spara rundt 119 millionar kroner i året. For studentane kan det bli nokre tusen ekstra i lån kvart år.

Gjelda blir høgare

For Sulevic i Polen får endringa berre konsekvensar for det siste av seks studieår. Han syns det er kjipt at dei som kjem etter han ikkje får same moglegheiter som han har hatt.

– Det er noko særeige med å studera i utlandet. Du blir kjend med mange ulike kulturar og du får vere med på mykje forskjellig.

Ved Universitetet i Bergen er viserektor Carlsen uroa for at ikkje alle studentar tenkjer seg godt nok om.

– Eg er redd at nokon ikkje tenkjer så langt fram som til når dei skal betala tilbake studielånet. Denne ordninga gjer at dei får med seg pengar, men det blir mindre som stipend.