Hopp til innhold

Endeleg poeng til Høyang

Etter tre kampar utan poeng, klarte Høyang laurdag å sikre seg sitt første.

Laget møtte Florø på heimebane i fjerde serierunde i 3. divisjon.

Sjå resultata frå alle kampane her: Dagen for uavgjort

Florø tok leiinga i det 40. minutt, og 0-1 vart pauseresultatet. I det 50. minutt utlikna Morten Kåre Eriksen. Like etter vart Høyang-spelaren Marius Bøe utvist etter ei takling. Tidlegare i kampen hadde han fått eit gult kort.

Kjempeskot av unggutt

Høyang gjekk opp i 2-1-leiing etter eit kjempeskot av 16-åringen Kristoffer Haaland Iversen. Men like før slutt vart det 2-2 då Torstein Strømsøy skåra for Florø.

Hjelpetrenar Tore Ytredal i Høyang seier at dei hadde håpa på tre poeng i dag.

- Lenge såg det ut til at vi skulle klare det. Men eitt poeng er betre enn null. Vi sleit litt i dag. Florø fekk 0-1-målet etter kommunikasjonsvikt mellom forsvar og keeper.

10 på bana

Høyang spelte store delar av andre omgang med ti mann på bana på grunn av utvisinga av Bøe.

- Men eg tykkjer vi greidde oss ganske bra med ti på bana. Florø fekk ein spelar skadd, og dei hadde brukt opp alle innbytarane, så dei spelte 10-12 minutt dei også med berre ti.

- Det losnar til slutt

Hjelpetrenaren seier han er mellomnøgd etter dagens kamp.

- No må vi stå på vidare, for dette losnar til slutt. Vi har gode nok spelarar til å vere med i alle fall midt på tabellen.