Hopp til innhold

Endeleg på same laget

Oddny Sønnesyn lova for fleire år sidan dottera Martine at dei ein gong skulle spele på same laget. Onsdag denne veka skjedde det.

Oddny Sønnesyn og Martine Vindheim

ENDELEG PÅ SAME LAGET: Oddny Sønnesyn (42) og dottera Martine Vindheim (16).

Foto: privat mms-foto

Oddny har mange sesongar bak seg på A-laget til Førde, som denne sesongen har gjort det godt i debutsesongen i 2. divisjon. Dottera Martine Vindheim fylte 16 år den 12. november 2012 og var dermed gamal nok til å spele seniorhandball.

– Målet var at vi skulle få spele på 2. divisjonslaget saman når ho hadde fylt 16, men slik gjekk det ikkje, seier Oddny.

For to veker før Martine fylte 16 skadde mora seg i ein kamp i veteran-NM. Først no er kneet hennar slik at ho kan spele kamp, og 2. divisjonsspel har vore uaktuelt. I mellomtida har Martine etablert seg på 2. divisjonslaget.

Maria Oppedal

GOD SESONG: Førde har gjort det godt i debutsesongen i 2. divisjon. På tampen av sesongen har 16 år gamle Martine fått spele saman med m.a. toppscorar Maria Oppedal (biletet).

Foto: Alf Vidar Snæland

Saman mot Florø

Difor vart det i ein kamp for andrelaget i 4. divisjon mor og dotter endeleg fekk spele saman. Onsdag møtte dei Florø og vann 27-22. Martine markerte seg med mål, men Oddny måtte gå mållaus av bana.

Likevel var det kjekt for henne å oppfylle lovnaden ho gav dottera for fleire år sidan. Og det er ikkje særleg tilfeldig at Martine vart handballspelar. Ho har hatt mykje av oppveksten sin i Førdehuset og på turar til ulike handballkampar både i Sogn og Fjordane og Hordaland.

– Ho var seks veker første gongen ho var med meg i Førdehuset. No er det trygt å kunne levere ballen vidare.

Neppe saman med yngstejenta

Det skal nemnast at også far Arild Vindheim har ei fortid som handballspelar, og han er framleis med i handballgruppa i Førde IL som trenar og dommar.

Oddny og Arild har ei dotter til, Oda. Men ho får neppe oppleve å spele på same laget som mora.

– Det er tre år til ho kan spele seniorhandball, og då har nok eg gitt meg. Eg skal sjå til sommaren om eg kan ta ein sesong til, men eg har eit kne som ikkje fungerer som det skal.

Oddny har i tillegg til handballkarrieren også vore fotballkeeper, og i 2011 måtte ho ta fram gamle kunster då Førde mangla målvakt i ein seriekamp.

Far og son

Det høyrer med til historia at Førde også kan skilte med far og son på same laget. Det er fleire år sidan Leif Otto Olsen og sonen Jørn Otto Olsen første gongen trekte på seg drakta saman. Leif Otto fylte 60 år i fjor, men har likevel spelt 3. divisjonshandball denne sesongen.