Hopp til innhold

Berre dagar etter at Inger gravla kjærasten, hadde hjort ete opp kransane

Kyrkja har i over eit år blitt nekta å setta opp eit hjortegjerde rundt gravplassen i det freda området. Men no går det mot ei løysing.

Inger Helgestad på grava

STELLER GRAVA TIL KJÆRASTEN: Inger Helgestad har opplevd at blomar ho har planta på grava til kjærasten har blitt ete opp av hjort. Biletet er frå hausten 2021, teke i samband med ein annan reportasje.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er litt seigt å setta ned ein bukett roser, og så er det berre stilken att dagen etterpå, seier Inger Helgestad.

Kjærasten hennar mista livet i oktober 2020. Berre dagar etter gravferda, hadde hjorten ete både kransar og blomar.

Eg tek det litt med ro, for eg veit Vegard ikkje hadde brydd seg så mykje. Men eg vil jo samstundes at det skal vera fint der, seier Helgestad.

Hjorten herjar på gravplassen på Kaupanger

BERRE STILKANE ATT: Hjorten forsynte seg grovt av kransane på grava til kjærasten til Inger Helgestad.

Foto: Bente Leirdal Sleen / Den norske kyrkja

Når hjorten ikkje finn mat andre stader, har blomane på kyrkjegarden blitt veldig freistande.

– Roser, tulipanar og lyng forsvinn med ein gong. Men han er ikkje så glad i påskeliljer, har me sett, seier Einar Skeie. Han er leiar i Kaupanger sokneråd.

Einar Skeie i Kaupanger sokneråd

SOKNERÅDSLEIAR: Einar Skeie.

– Snadder

Hjort på kyrkjegardar er ikkje ukjent i Noreg, og det er fleire kyrkjer som har det same problemet.

– Blomar og slike ting me pyntar graver med er snadder for hjorten. Og om vinteren er det ikkje alltid så mykje anna å finna, seier Stein Joar Hegland, økolog ved Høgskulen på Vestlandet og styreleiar i Norsk Hjortesenter.

Han seier hjorten ofte kan lukte på lang avstand om det blir lagt ned noko friskt frå gartneriet.

Ei grav på Kaupanger har hatt besøk av hjort

NY GRAV: Slik fann soknepresten ei nylagd grav på kyrkjegarden. Spora etter hjortane er tydelege.

Foto: Vegard Bondevik Lie / Den norske kyrkja

I tillegg blir kaldtbordet på kyrkjegarden endå meir freistande dei vintrane det er mykje snø, for då er det endå vanskelegare å finna god mat i skogen.

Då freistar ein blomekrans eller ein bukett raude roser mykje, til stor frustrasjon for dei tobeinte som brukar kyrkja.

– Det blir så nedverdigande for pårørande å koma til ein slik kyrkjegard. Det har sett ut som ei slagmark her etterpå, seier Skeie.

I nokre tilfelle har dei til og med måtte setta opp anleggsgjerde rundt nye graver for at kransane og blomane skulle få ligga i fred, i alle fall nokre dagar.

Anleggsgjerde på Kaupanger

ANLEGGSGJERDE RUNDT GRAVENE: Rundt nokre nylagde graver vart det sett opp eit anleggsgjerde dei første dagane i samråd med dei pårørande.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Lang prosess

I fjor vinter fekk kyrkja, soknerådet på Kaupanger og fellesrådet i Sogndal nok, og sette i gong prosessen med å få på plass eit gjerde for å halda hjorten ute.

Men det var ikkje berre enkelt å få opp eit slikt gjerde. For både kyrkja og heile landskapet rundt kyrkjegarden er verna og freda. Difor måtte både Riksantikvaren, Statsforvaltaren og Fylkeskommunen inn i bildet.

Kaupanger stavkyrkje, juni 2022

KULTURMINNEOMRÅDE: Heile området rundt kyrkja og Kaupanger hovudgard, som kan skimtast bakom kyrkja, er freda.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det vart fleire rundar att og fram. Ein arkitekt teikna eit hjortegjerde som Riksantikvaren meinte var fint, men likevel for skjemmande for kyrkja.

Eit nytt forslag vart sendt inn, som innebar å setta opp gjerde og viltrister rundt eit mykje større område. Det gav Riksantikvaren tommelen opp for, men kostnaden på 700.000 kroner vart alt for mykje for kyrkja i Sogndal å betala.

I vinter, eit år etter prosessen starta, vart det siste forslaget sendt inn: Eit sesongbasert straumgjerde rundt steinmuren, der dei straumførande leidningane blir tekne ned på våren og sette opp att på hausten. Dermed står berre nokre tynne jarnstolpar att langs muren i sommarhalvåret.

Og det kunne vernestyresmaktene gå med på.

Dei siste vekene har Riksantikvaren, Statsforvaltaren og Vestland fylkeskommune gitt dispensasjon til gjerdet.

– Det blir ikkje veldig vakkert. Men her er det også andre omsyn som veg tungt, seier Ingeborg Magerøy hjå Riksantikvaren.

Hjorteekspert Hegland, som var med å jobba fram dei ulike forslaga, er trygg på at dei fleste dyra vil bli hindra frå å eta opp blomsterpryden på gravplassen i åra som kjem.

– Det optimale er eit viltgjerde med ein to meter høg netting. Det er dominerande, og rundt kyrkja på Kaupanger er det jo verneomsyn å ta. Men så lenge straumen fungerer bra i det gjerdet som det no blir, så trur eg hjorten vil halda seg ute.

At gjerdet må takast ned i turistsesongen, lever soknerådsleiar Skeie greitt med.

– Det skal me tola. Det blir ei bra løysing no, seier Skeie.

Einar Skeie i Kaupanger sokneråd

HER KJEM DET: Einar Skeie syner fram kor gjerdet kjem, som blir på utsida av steinmurane rundt kyrkjegarden.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Kyrkjeverja i Sogndal, som er den daglege leiaren for kyrkja i Sogndal kommune, er for tida sjukemeld. Difor har ikkje NRK snakka med ho.