Hopp til innhold

EM-draumen brast for Øyvind (20)

Fredag var det siste sjanse for hekkeløparen Øyvind Strømmen Kjerpeset til å kvalifisere seg til EM. Men ein skade i høgrefoten sette ein stoppar for det.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

IKKJE TIL EM: Øyvind Strømmen Kjerpeset har jobba for EM-billett i heile år, men ein skade i foten har no sett ein stoppar for det.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Vi har kome fram til at det vart for risikabelt å springe i dag, med tanke på resten av sesongen, seier 20-åringen.

Han skulle eigentleg vore på Nadderud og sprunge 400 meter hekk under Tyrvingeleikane, men det var ingen Strømmen Kjerpeset å sjå i resultatlistene. Forklaringa er store smerter i det høgre fotbladet.

– Viss eg skulle vore med måtte eg har sprunge med store smerter, og då er det vanskeleg å springe fort, seier han.

Dermed blir det ikkje noko EM på det unge idrettstalentet frå Florø. Sjølv om det er dette han har trent i heile år, har han ikkje tenkt å la seg knekke.

Klarar ikkje springe

Det er fleire veker sidan hekkeløparen først merka noko til skaden. Smertene har berre blitt verre og denne veka har det vore så ilt at han ikkje har kunne verken jogge eller springe.

– Eg kan gå normalt og det gjer ikkje vondt når eg sit i ro. Men den dynamiske rørsla som kjem når eg spring, den fører til rivesmerter under foten. Det er vanskeleg å springe med det, sa Strømmen Kjerpeset til NRK.no onsdag.

MR-bileta viser at det ikkje er noko brot, og heller ingen muskelfraktur. Men mykje heving i fotbladet og smerter gjer at 20-åringen i samråd med fysioterapeuten i går bestemte seg for å stå over løpet på Nadderud.

Trur han hadde klart det

At han ikkje fekk prøve ein siste gong på å klare EM-kvalifiseringskravet er leitt, vedgår Strømmen Kjerpeset.

– Eg hadde veldig lyst å delta i EM, og når eg ikkje kan det på grunn av ein skade, så er det ikkje noko gøy. Skader generelt er veldig, veldig kjipt for alle som driv med idrett, seier han.

Til no har hundredelane vore på feil side av kvalifiseringskravet på 51,10 på 400 meter hekk, men han har vore nære fleire gonger. Seinast for vel ei veke sidan då han berre var ni hundredelar unna.

Hadde han fått sjansen i dag meiner han sjølv at han mest sannsynleg hadde klart det.

– Hadde eg ikkje hatt smerter i foten hadde eg fått trent betre dei siste vekene, seier hekkeløparen.

Ser lyst på tida framover

20-åringen vedgår at han er svært skuffa over at det ikkje blir noko EM, men han har ikkje tenkt å la det øydelegge gleda over ein god sesong. Han seier han ser lyst på sesongen og er svært godt nøgd med prestasjonane.

– Eg har stabilisert meg på eit betre tid og sett mykje framgang.

Målet no er å klare å springe på rundt 50,50.

– Då vil eg ligge veldig godt an til U23 EM til neste år.

Snart i trening att

Trass skaden i foten er sesongen slett ikkje over for Florø-guten. Truleg begynner han å springe igjen neste veke, og er tilbake i konkurranse i løpet av nokre veker.

– U23 Nordisk meisterskap og ikkje minst NM blir det eg satsar fram mot. NM håpar eg at eg skal vinne, seier han.