Hopp til innhold

Eldre kvinne trudde ho snakka med politiet – Så overførte ho halv million kroner

Politiet i Bergen slo alarm laurdag ettermiddag. Kvinne i 80-åra overførte over 500.000 kroner etter telefonsamtale.

Politihuset i Bergen

Politiet i Bergen slo laurdag kveld alarm, etter at ei kvinne skal ha vorte svindla for store pengebeløp over telefon.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Laurdag ettermiddag fekk politiet i Bergen inn ei melding om at ei eldre kvinne skal ha vorte svindla for store pengebeløp etter ein telefonsamtale.

Sidan då har dei etterforska saka.

– Det er snakk om betydelege summar, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt til NRK laurdag kveld.

Pengar til utlandet

Søndag fortel jourhavande jurist i Vest politidistrikt, Sigrid Sulland, at kvinna i 80-åra, overførte over 500.000 kroner frå kontoane sine.

– Banken lukkast med å stoppa om lag halvparten av pengane frå å forsvinna, seier Sulland.

Men over 250.000 kroner er framleis vekke.

– Me har grunn til å tru at pengane er overført ut av landet, seier Sulland.

Politiet gjekk ut på Twitter og fortalde om hendinga, og åtvara andre mot framgangsmåten.

– I samband med denne saka, har me også komme over ein liknande sak i Trøndelag. Framgangsmåten er lik, seier Sulland.

Kvinna i 80-åra skal ha vorte ringt opp på telefon. I andre enden skal det ha vore ein person som gav seg ut for å vera politibetjent. Og nummeret var hacka, som førte til at det såg ut som det var frå Vest politidistrikt.

Tappa kontoen

Han fortalde at det var registrert mistenkjeleg aktivitet på kvinna sin konto. Vedkommande bad deretter om personopplysingane hennar, og info om kodebrikka.

Deretter vart kontoen hennar tappa for store pengebeløp.

– Politiet ville aldri ha operert på denne måten, seier Knappen.

Vest politidistrikt sette umiddelbart i gang etterforsking i saka, og jobba vidare med saka gjennom helga.

– Det var familiemedlemmer av kvinna som kontakta politiet, seier operasjonsleiaren.

Fekk beskjed om å ikkje bruka telefon

Laurdag kveld sa politiet at dei hadde få spor å gå etter. Men søndag seier politiadvokat Sigrid Sulland at dei har namngjevne personar i søkjelyset.

– Ja, me har ein mogleg mistenkt i saka. Men det er for tidleg å kommentera dette så tidleg i etterforskinga, seier ho.

Meldinga til politiet kom laurdag ettermiddag, men svindelen skal ha skjedd tidlegare.

– Kvinna fekk beskjed om å ikkje bruka telefon eller PC frå svindlaren, og difor fryktar me at tid har gått tapt, Det er ein utspekulert måte å svindla på, seier Knappen.

Eksperter svarte publikum: – Jeg ble svindlet for 1.6 millioner