- Det er mykje prat om at unge er så uforsiktige på nett, men undersøkinga viser faktisk at det er dei over 60 år, som må sikra persondataene sine betre, seier fagleg ansvarleg for Nettvett, Line Ugland Nyseth i Post- og teletilsynet, til Nettvett.no
Den raskast veksande gruppen nye brukarar av sosiale medier, er nettopp foreldre/besteforeldregenerasjonen.
Unge meir bevisste
Vanlegvis er det dei unge brukarane av Facebook og liknande sosiale medier som får høyra at Internett er farleg, og at deira uansvarlege oppførsel kan straffa seg seinare i livet.
Men ei undersøking slår i staden fast at «Facebookgenerasjonen» klarar å ta vare på seg sjølv.
Tre av fire
Undersøkinga, som er utført av TNS Gallup for Nettvett.no, viser at tre av fire i alderen 15 - 29 år har endra innstillingane på sin brukarkonto for å verna om sine persondata.
Over 92 prosent av landets befolkning i alderen 15 - 29 år har Facebook-profil. Dei fleste av desse er altså bevisste på å verna om sine personopplysningar.
- Dette er veldig gledelig, slår prosjektleiar Line Ugland Nyseth fast.
Det er over 2, 1 millionar registrerte brukarar av Facebook i Noreg.
Totalt fortel 67 prosent av deltakarane i undersøkinga at dei har endra innstillingane på sin Facebook - profil for å beskytta informasjon om seg sjølv.
LES OGSÅ:
Også NRK Hordaland finn du på Facebook.