Hopp til innhold

Lærdal satsar på elbil

Lærdal kommune vel å satse på elbil og vil søkje på midlane som regjeringa løyver til ladestasjonar for elbil.

El-bil

Lærdal kommune får eigen elbil.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I Lærdal har dei etter eit vellukka elbilseminar i september i fjor valt å satse på elbil. Men kommunen er ein av få i Sogn og Fjordane som gjer dette.

Passar ikkje i Sogn og Fjordane

På grunn av dei store avstandane meiner mange i fylket at elbilen ikkje er attraktiv nok for Sogn og Fjordane. Og ei ringerunde til nokre av ordførarane i dei større tettstadane syner laber interesse for å søkje på dei 50 millionane som regjeringa har løyvd til ladestasjonar for elbil.

Men i Lærdal har dei ei anna oppfatning.

Bil nummer to

- Det at dei kalla den siste Think-bilen for City, synst eg var ganske utruleg at dei kunne koma på. For det er ein bil som er vel så egna for oss her i distriksnoreg, seier Jan Geir Solheim.

Han er leiar i elbilutvalet i Lærdal kommune, og fortel at dei ventar å få på plass to Think-bilar. Solheim meiner elbilen passar ypperleg her i fylket, spesielt fordi mange har to bilar i familien.

- Når familiar har to bilar kan dei eine godt vere elbil. Den har ei rekkevidde på 17 mil, og det er veldig få som pendlar til jobb og har meir enn 17 mil kvar veg, meiner Solheim.

Stille seg fram i køa

Knut M. Olsen (Sp)

Leiar i samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane, Knut M. Olsen

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Leiar i samferdsleutvalet i fylket, Knut M. Olsen håpar kommunane no kjem på bana for å få nokre av dei 5000 nye ladestasjonane som regjeringa har løyvd pengar til.

- Eg synst kommunane i fylket skal vere offensive, seier Olsen.

Han viser til at mange i fylket har kort dagpendling og faktisk kan nytte reine elbilar. I tillegg vil det skje ei utvikling på både reine elbilar, men også såkalla hybridbilar. Difor er det ingen grunn til å ikkje gripe sjansen, meiner Olsen.

- Her er det mogleg for kommunane å få ei full statleg finansiering til noko som er veldig framtidsretta og miljøvenleg. Så her bør kommunane i fylket stille seg langt fram i køa, avsluttar Olsen.